Kultur | 21. jan. 2020

Tid for Hjem i Strøno i kveld

– Kjøkkenet var frå 70-talet, det var godt å sleppa å ta det sjølv, seier Kenneth Moland.

Tid for Hjem i Strøno i kveld
F.v.: Einar Nilsson, Andreas Nygaard og Kjersti Bergesen. (Foto: Eivind Senneset, TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. jan. 2020 17:38

Bildeserie:

Dette kjøkkenet fekk Tid for Hjem gå laus på. (Foto: TV 2)
Dette kjøkkenet fekk Tid for Hjem gå laus på. (Foto: TV 2)
Andreas Nygaard i sving før påske i fjor. I kveld blir episoden vist. (Foto: TV 2)
Andreas Nygaard i sving før påske i fjor. I kveld blir episoden vist. (Foto: TV 2)
1 av 2
Dette kjøkkenet fekk Tid for Hjem gå laus på. (Foto: TV 2)
Andreas Nygaard i sving før påske i fjor. I kveld blir episoden vist. (Foto: TV 2)

Programleiar Kjersti Bergesen og laget hennar av handverkarar, med Einar Nilsson og Andreas Nygaard, har pussa opp rom etter rom frå 2004 til i dag, også fleire i Os.

No er dei klare med ein episode frå Nordstrøno.

– Kjøkkenet er det originale frå huset var nytt i 1979, fortel Kenneth Moland.

Kenneth vaks opp i huset som han seinare har kjøpt. Han jobbar som røyrleggar, og har saman med Therese Vestheim pussa opp fleire rom.

Men kjøkkenet bestemte dei seg for at andre kunne få ta. Dei søkte om å få Tid for Hjem-gjengen på besøk, og fekk gjennomslag.

– Vi har jo sett på programmet før, og liker det meste dei har laga. Vi var både glade og spente då dei sette i gang veka før påske i fjor.

Resultatet og reaksjonen kan du sjå på TV 2 frå klokka 20 i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.