Politi | 19. apr. 2021

Til legevakt etter slåsting

Mann mistenkt for slåstkamp med sambuarpar.

Til legevakt etter slåsting
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2021 07:35

Klokka 02.10 natt til søndag rykte politiet ut på melding om bråk på ei privat adresse i Hegglandsdalen.

Då patruljen kom til staden var fornærma køyrd til legevakt.

– Det er to fornærma, ein mann i 20-åra og ei kvinne i 30-åra. Mistenkte er i 30-åra, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er uvisst kva konflikten handla om, og om forholdet blir meldt.

100-150 ungdomar samla i Ervikane

Laurdag i 22.40-tida fekk politiet melding om støy frå fest og mange ungdomar som hadde samla seg i friluftsområdet Ervikane.

Det var fleire telt og hengekøyar i sving laurdag, men uvisst om det var turgåarar eller nokon på overnatting som ville ta tidleg kveld, og meldte ifrå.

– Då patruljen kom til staden hadde ungdomen byrja å gå heim. Dei var frå 15 til 20 år gamle, men ingen overstadig rusa.

– Det skal òg ha vore delt i to gjengar, patruljen hadde ikkje inntrykk av at dei eldste blanda seg med dei yngste, så dette såg ut til å vera innfor, så sant dei hadde ein viss avstand til kvarandre.

Fire andre festar

Natt til laurdag fekk politiet melding om støy frå tre festar.

Meldingane kom frå Lysefjorden og Moberg mellom klokka 01 og 03.

Natt til søndag fekk dei melding om støy frå éin fest. Også dei fekk pålegg om å dempa seg.

Puddel funnen - puddel sakna

Klokka 02.07 blei ein kvit puddel funnen i Os sentrum. Den blei tatt med for å sjekka etter chip før den blei henta av Viking.

Søndag formiddag blei ein svart puddel meldt sakna.

Laurdag formiddag blei ein katt påkøyrd og drepen på Hegglandsdalsvegen. Den blei henta av Vegtrafikksentralen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.