Lokal | 11. juli 2012

Til Tysnes i protest

Ei stor gruppe vassjet-kjørarar er på veg til Tysnesfest, der dei ventar at både politibåt og kystvakt er klare for å handheva forbodet mot vassjetkjøring.

Til Tysnes i protest
Desse 12 skal møta ei anna gruppe vassjetkjørarar i Bjørnefjorden for å koma til Tysnes i protest-kortesje - for så å stikka frå staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. juli 2012 19:40

Den nye forskrifta som tro i kraft 1. juli er følgt opp av nye retningslinjer frå Riksadvokaten, som seier at det generelle forbodet no skal følgjast opp fullt ut. Saker frå før 1. juli skal henleggast.

Det betyr at alle, også dei som kjører vassjet heilt eller delvis produsert i EØS-land, blir meldt og får bot. Nektar dei å vedta bota blir det sak.

– Vi synes dette er heilt uforståeleg. Vi har betalt meirverdiavgift og hestekrefteavgift på skutarane då vi kjøpte dei. Ein vassjet er i praksis ikkje noko anna enn ein liten, rask båt, seier ein av dei i følgjet.

– Om nokon kjører uforsvarleg eller for fort nær badeplassar eller andre område med fartsrestriksjonar så må dei gjerne få bot. Men vi meiner dei ikkje kan forby ei heil gruppe med fartøy.

I kveld kjører han saman med 11 vassjetkjørarar frå Hjellestad til Bjørnefjorden for å møta ei gruppe vassjetjørarar frå Austevoll.

Saman skal dei inn til Våge og Tysnesfest, der dei reknar med å møta både politiet og Kystvakten.

– Kva vil de gjera om politiet tar kontakt?

– Eg trur nok vi kjem til å kjøra frå staden. Den gamle, raske politibåten er parkert og den nye går berre 43 knop.

– Så de skal ikkje opp på brygga og argumentera?

– Ikkje i dag. Eg veit ikkje kor mange som er interesserte i 5000-10.000 i bot, men eg står i alle fall over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.