Tilsett skadd under ommøblering
Politi og ambulanse rykte ut til Amfisenteret.

Måndag klokka 11.36 kom det melding om arbeidsulykke i Prestegardsskogen.
Uhellet skjedde hos Elkjøp på AMFI Os, som er under ombygging.
– Det er ikkje ein innleigd handverkar som har skadd seg, men ein av våre eigne, fortel butikksjef Bjarte Daae-Johannessen.
Den tilsette var med og skulle flytta ein reol då ei plate lausna og landa i nakken hans.
– Han var oppegåande, men svimmel etterpå, og er no til Haukeland for sjekk. Det såg ut som om det gjekk fint med han.
Maksimal krymping
Elkjøp Os starta i mars ei omfattande ombygging og oppussing av butikken, eit arbeid som skal vara til starten på juni.
Butikken held ope mens arbeidet pågår.
– Omsetnaden har halde seg på eit bra nivå, sjølv om minst ein tredel av utstillinga har vore stengt av.
– Nett no er butikken på sitt minste, kanskje berre på ein fjerdedel, men allereie i neste veke kan vi ta i bruk halve salsarealet. Då er mykje av det nye klart, seier Daae-Johannessen.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.