Tiur på tulltur
Åt nyper på sauebeite i Øyane.

Tysdag formiddag blei ein storfugl observert på eit fortau på Lepsøy. På ettermiddagen kom skogsfuglen endå lengre ut i skjergarden.
– Ein kamerat ringte, og eg køyrde rett til Garvikasvingen, der den var observert. Det var som om den låg og kvilte seg, og vi kom ganske nær før den tok til vengjene, fortel Per Henrik Lunde Bruarøy.
Tiuren sette seg på taket på eit naust. Etter at Per Henrik kom heim, ringte svigermor Laila og ba han lista seg opp for å sjå kva som sat på hustaket.
– Eg hadde ein mistanke om kva det var, og ganske rett, den hadde fyke ut her til Bruarøy.
– Ein kamerat som var her og slakta sau, plukka ei hand med nyper og kasta til den. Det såg han ut til å lika.
Etter ei stund på taket kom den ned på bakken, og såg ikkje ut til å sky folka på bakkeplan. Tiuren var oppom fleire hustak, og nedom sauebeitet, der den fekk meir nype.
– Svigerfar har jakta orrfugl i området før, men tiur er sjeldan å sjå. Etter at bilde av fuglen blei delt på Facebook har andre innbyggarar i Øyane kommentert at den har vore her nokre dagar. Den er flott å sjå på, eg håper den blir verande!
- Les òg: Oterfamilie har etablert seg i Øyane (2018)
40 av 6.700 i vårt fylke
Storfugl (Tetrao urogallus) er ein art av skoghøns (Tetraonini) i fasanfamilien (Phasianidae). Hannen blir kalla tiur, hoa blir kalla røy.
Typisk storfuglbiotop er barskog og furuskog med innslag av løvskog, dekke av blåbær og opne sletter, i tillegg til gran med store, dekkande greiner nedst på stamma. Dette gir skjul for predatorar som raudrev, hønsehauk og mår, skriv Wikipedia.
I førre jaktsesong blei det felt 6.700 storfugl i Noreg. Berre 40 av desse blei felt i Vestland fylke, mens Innlandet, Trøndelag og Viken er dei store storfugl-fylka, ifølgje SSB.no.
I 2010 var Bergens Tidende med på tiurspel med vossingar på det som blei rekna som ein av dei største plassane på heile Vestlandet, mellom Bordalen og Hardanger.
Har du tips om storfugl- eller orrfuglobservasjonar i Bjørnafjorden kommune; tips@midtsiden.no.
- Les òg: Mår på jakt i Osmarka
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.