Lokal | 15. juni 2013

Tivoli i full sving igjen

Tivoliet som besøker Os i helga måtte fredag stenga éin av attraksjonane etter eit uhell. Men no er alt i drift igjen.

Tivoli i full sving igjen
Koppane inst til venstre var  full sving igjen allereie fredag ettermiddag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. juni 2013 09:22

Ingen blei alvorleg skadd då ein av koppane lausna og velta, men politiet blei varsla og attraksjonen stengt.

Men allereie fredag ettermiddag var koppane i drift igjen.

– Jernbaneverket, som har inspeksjon av tivoli, ser på dette som eit éingongstilfelle.

– Vi har også prata med vedkomande som har inspisert dette tivoliet, og med eigar, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Men tivoliet vil få brev med krav om utbetring og skjerpa rutiner frå Jernbaneverket.

– Korleis vi i politiet følgjer opp saka veit vi ikkje før vi har snakka med juristen, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.