Kultur | 17. okt. 2020

Tok konsertpakke til Skien og Ålesund

No er Eirik tilbake for å spela i Fana og Bergen.

Tok konsertpakke til Skien og Ålesund
Eirik Strønen Søfteland og Tore Christer Storlid under premieren på Oseana sitt sommarprogram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. okt. 2020 08:46

Etter ein koronastengt vår kom det ei opning for fleire publikummarar i juni, og Oseana køyrde sommarprogram for første gong.

Som opning på sommarprogrammet var to intimkonsertar i Griegsamlinga, og seinare for større publikum i Oseanasalen, med Eirik Strønen Søfteland (vokal og piano) og Tore Christer Storlid (gitar og bass).

Dette blei godt mottatt, og no er Eirik og Tore Christer klare for konsertar i nærområdet etter å ha spelt same repertoar for publikum i Skien, Ålesund og Stad.

God stemning i aust og nordvest

– Vi blei booka via folk eg har spelt for før, blant anna ein jobb for eit norsk firma som hadde eit arrangement i Marbella, fortel Eirik.

– Eg har inntrykk av at det er ein del som ventar rock når dei høyrer namnet mitt, men som blir positivt overraska når dei høyrer repertoaret på intimkonserten.

Eirik og Tore Christer tok imot solid applaus frå utselt sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik og Tore Christer tok imot solid applaus frå utselt sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Billy Joel, Queen, The Beatles og Jonny Cash er blant musikarane som blir covra.

– At vi pratar litt mellom låtane, og ikkje berre durar på med låt etter låt, lager òg ei ramme som folk har sett pris på.

Klar for Fana og Ricks

Duoen hadde godt publikum både på staselege Stad Hotelli havgapet og i Teaterfabrikken i Ålesund. I Skien spelte dei for rundt 90 gjestar i Ibsenhuset.

– Det var periodar i starten på hausten, der folk var litt varsame grunna smittebølgjer, og billettsalet i starten gjekk seint. Men vi enda med passeleg publikumsmengde og god stemning alle stadane.

Onsdag speler Eirik og Tore Christer i Fana Kulturhus, laurdag 31. oktober (halloween) speler dei på Ricks.

– Vi håper på godt publikum frå Bergen, og kanskje har vi nokon frå Bjørnafjorden som gjekk glipp av konsertane i Oseana, men vil høyra oss i nabokommunen, inviterer Eirik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.