Lokal | 19. juni 2020

Tok seg ein førskuletur til Hardanger

Dei eldste i Eventus Borgafjell barnehage fekk tur trass pandemien.

Tok seg ein førskuletur til Hardanger
Eventus Borgafjell barnehage hadde det kjekt på førskuletur til Gulen i Hardanger. (Foto: Eventus)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 19. juni 2020 12:07

Planen var at alle førskulebarna i Eventus Borgafjell barnehage skulle på ein felles tredagarstur til Gulen denne våren.

I år vart det eit alternativt opplegg grunna koronapandemien.

– Vi lagde eit opplegg som kunne gjennomførast på éin dag. Ungane fekk ein komprimert, men spanande og minnerik førskuletur til Hardanger, fortel styrar i Eventus Bogafjell barnehage, Anette Stene.

Ein spent gjeng som er klar for Hardanger-tur. (Foto: Eventus)
Ein spent gjeng som er klar for Hardanger-tur. (Foto: Eventus)

Torsdag morgon var det mange spente førskulebarn som kom inn porten i barnehagen, klare for førskuletur til Hardanger.

– Alle fann sin plass i minibussen og vinka til foreldra. Sjølv om vi ikkje skulle overnatta, blei det ein dag utanom det vanlege.

Traktor og fossefall

På vegen var det god stemning i minibussen.

– Første stoppet tok vi ved Steinsdalsfossen. Vi gjekk i samla tropp opp til fossen, for vi hadde høyrd at vi kunne gå «under» fossen. Å sjå ein regnboge i fossen og å kjenna på dropane som spruta mot oss, var spennande for store og små.

Etter at fossen var ferdig utforska gjekk turen vidare for å kjøpa dagens første is.

Turen gjekk vidare til eit tun i Tørrvikbygd.

– På neste stopp kunne vi testa slengdisse, hoppe på trampolina og leika i hagen. Og det var sjølvsagt ekstra stor stas å få sitja på med traktoren!

Traktorkøyring er alltid ein vinnar. (Foto: Eventus)
Traktorkøyring er alltid ein vinnar. (Foto: Eventus)

– Ved sjøen padla vi kano, køyrde båt, testa zipline, bada og fiska. Vi fann krabbar, fine skjell og steiner i fjæra som vi samla på stranda. Etter nokre fine timar ved sjøen, var det klart for middag, og på menyen stod det grillmat.

Krabbefangst kan vera både gøy og litt skremmande. (Foto: Eventus)
Krabbefangst kan vera både gøy og litt skremmande. (Foto: Eventus)

Skattejakt og kino

Då alle var ferdige med å eta, gjekk det rykte om at ein sjørøvar hadde vore på besøk og gøymd ei stor, ekte skattekiste i skogen.

– Vi måtte følgja spor for å finne skatten. Det var hengd opp tau som leietrådar. Ungane var ivrige.

– Då vi fann skatten opna vi lokket varsamt. Kista var fylt med snop!

Etter skattejakta vart det kino, og då filmen var det tid for å byrja på heimreisa, der spente foreldre venta.

– Vi er glade for at vi klarte å gjennomføra tur etter den våren vi har hatt, og for at vi fekk ein så kjekk dag saman med ungane som snart skal vidare til ulike skular, seier Anette Stene.

På skattejakt i Hardanger. (Foto: Eventus)
På skattejakt i Hardanger. (Foto: Eventus)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.