Næringsliv | 26. apr. 2021

Tømrar-elev slår seg opp med Adirondack-stolar

– Eg ville ha noko å gjera på mens eg søker læreplass, seier Trym Aksnes.

Trym Aksnes ville ha ein hobby mens han søkte læreplass. No byrjar det å bli god butikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. apr. 2021 11:13

Dei amerikanske hagestolane, oppkalla etter The Adironack Mountains nord for New York, har vore sett på som praktiske, robuste og elegante varer sidan arkitektstudenten Thomas Lee forma den første i 1903.

Seinare har fleire kopiert eller tilpassa designen for å laga eigne variantar. Ein av dei er ein ung tømrar-elev frå Os.

– Vi fekk laga nokre sånne på skulen. Eg teikna litt om, auka storleiken litt, og byrja å laga mine eigne, fortel Trym Ødegård Aksnes.

Trym starta med blomsterkassar i 2019, og har no auka utvalet med amerikanske solstolar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

No går han rett i garasjen etter middag og jobbar fram til han legg seg. Også i helgene er det tidleg opp og seint i seng.

– Eg fekk mange bestillingar som skulle bli ferdige i april, så dei siste vekene har vore hektiske. No er eg nokolunde a jour, men det kom ei bestilling til i helga, så det blir ikkje fri denne veka heller.

... mens han ventar på læreplass

Trym går tredje år på tømrarlinja ved Os vgs, og har sidan i vinter søkt læreplass.

– Vi er 7-8 elevar i klassen. Ingen av oss har fått læreplass enno, det ser litt vanskeleg ut.

– Det blei noko mindre praksis på skulen dei siste åra, så det saknar vi.

– Snekring av blomekassar og solstolar er ikkje berre litt butikk, det er kjekt å gjera noko praktisk, og å ha noko fornuftig å gjera på når eg har fri.

År etter år med okkupert garasje

Den unge møbelsnekkaren er veslebror til fotball-freestyler Sondre Ø. Aksnes. Sondre har stått og triksa i garasjen til foreldra sidan 2014, men må no vika for Trym si verksemd.

– Ja, eg har vel jaga han ut, men han kan no triksa kor som helst, seier Trym og ler.

Trym starta med blomsterkassar i 2019, og fekk selt 20-25 kassar det første året. Adirondack-stolane er nytt i utvalet frå no i vinter.

Unge Aksnes har tilpassa storleik og byr på ulik design. Stolen til venstre er 50-årsdagpresang til faren, som ikkje har fått bruka garasjen sidan 2014. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Adirondack-stolane er noko høgare prisklasse, men har selt bra dei òg. Det ser ut som om dette er noko folk set på ønslkjeliste til seinare, eller gir i gåve.

Salet skjer på Finn.no og via anbefaling frå andre som har kjøpt.

– Eg vurderer no å starta eit enkeltmannsforetak, for det kan sjå ut som om sal og produksjon held seg oppe.

Kjelde: Du kan lesa meir om historia til Adirondack-stolane på adirondack.net

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.