Trafikkuhell i Industrivegen
Politiet fortel om tre trafikkforhold torsdag.

Politiet rykte klokka 11.29 torsdag ut på melding om trafikkuhell i Industrivegen.
To bilar hadde kollidert i 50-sona i nærleiken av Uno X.
– Ein bil hadde køyrd på ein annan bakfrå, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Bilistane, ein mann i 50-åra og ei kvinne i 70-åra, framsto som uskadd.
– I ulykke med påkøyrsle bakfrå hender det at skadene blir merkbare i etterkant, så det er oppretta sak.
Prikkfritt på Skeie
I tida rundt skuleslutt torsdag, i ein time frå klokka 13.30, hadde politiet trafikkontroll i krysset mellom Skeisflaten og Skeismyra (vegen inn til idrettsplass, skular og barnehage).
– Det var mykje trafikk av både bilar og fortgjengarar. Fokus var på bilbeltebruk og mobilbruk.
– Patruljen fann ingenting å reagera på, og det synest eg er veldig bra, seier Lyssand.
Unge menn i uregistrert køyretøy
Tideg på kvelden i går, klokka 18.35, stoppa politiet eit køyretøy som ikkje var registrert.
To menn på rundt 20 år var i køyretøyet.
Politiet har oppretta sak.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.