Lokal | 24. des. 2020

Tre nærkontaktar smitta veslejulaftan

Bjørnafjorden passerte 100 smitta før jul.

Tre nærkontaktar smitta veslejulaftan
Covid 19, koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. des. 2020 14:49

Bjørnafjorden kommune fortel i dag om nye smittetilfelle.

Tre innbyggarar fekk påvist covid-19 i går, 23. desember:

Ei jente tidleg i tenåra har ukjent smitteveg. Ein mann og ei kvinne i 50-åra, som er nærkontaktar av jenta, er òg smitta.

Bjørnafjorden kommune er no oppe i 86 smitta i haust, i alt 101 smittetilfelle etter at koronapandemien kom til Vestlandet.

Vi hadde 17 dagar utan nye smittetilfelle, frå 4. til 21. desember.

Til no i juleveka har 4 personar fått påvist covid-19.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

15 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 12 og 13, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 86 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingenmed symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
4. og 5. november: Ingen nye smittetilfelle.
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
7. november: Ingen nye smittetilfelle.
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os uskule og fleire ved Ung Arena i karantene
10. og 11. november: Ingen nye smittetilfelle.
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
14. november: Ingen nye smittetilfelle.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset uskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
17. november: Ingen nye smittetilfelle.
18. november: Jente i slutten av tenåra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
19. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
20. og 21. november: Ingen nye smittetilfelle.
22. november: Mann i 20-åra, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
22. november: Jente i tenåra, smitteveg ukjent.
23. november: Ingen nye smittetilfelle.
24. november: Kvinne i 20-åra. Smitteveg er kjent.
25. november: Ingen nye smittetilfelle.
26. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
26. november: Mann i 50-åra. Ukjent smitteveg.
27. november: Ingen nye smittetilfelle.
28. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent.
28. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg.
28. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
29. november: Ingen nye smittetilfelle.
30. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
1. desember: Mann i 20-åra. Smitteveg er kjent.
2. desember: Ingen nye smittetilfelle.
3. desember: Mann i 50-åra. Kjent smitteveg.
3. desember: Mann i 40-åra. Ukjent smitteveg.
4. desember: 17 år gamal elev ved Fusa vgs. 13 elevar og 3 tilsette i karantene.
7. desember/4. desember: Kvinne i 50-åra. Smitteveg kjent.
22. desember (for 21. desember): Kvinne i 20-åra. Smitta i ein annan kommune.
24. desember: Jente i tenåra, ukjent smitteveg.
24. desember: Mann i 50-åra, nærkontakt av smitta tenåring.
24. desember: Kvinne i 50-åra, nærkontakt av smitta tenåring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.