Sport | 30. jan. 2020

To trenarar saman om to damelag

Os/Nore Neset utvider til to 11-arlag. Ørjan Sandal og Stian Kvåle skal leia begge.

To trenarar saman om to damelag
Ørjan Sandal (t.v.) og Stian Kvåle skal styra to damelag saman denne sesongen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. jan. 2020 10:50

Os og Nore Neset, som samarbeider på ungdom og senior jenter og dame, utvider frå eitt til to ellevarlag, og får dermed lag i både 5. og 3. divisjon i årets sesong.

Stian Kvåle, som leia damelaget til Os til opprykk i 2018 og 5. plass av 12 lag i 3. divisjon i 2019, held fram som trenar i 2020.

Kvåle skal leia dei to damelaga saman med Ørjan Sandal. Sandal har trent 2003-årgangen til Nore Neset/Os, jentene som tok seg til Norway Cup finale i 2018, vann NM i fjor og blei kretsmeister i J17 både to og eitt år før dei i år blir 17 år.

– Vi kunne spelt jenter 17 i år òg, men eg trur motstanden og den sportslege utfordringa hadde blitt for liten for jentene.

– Vi har spelt opp i alder, og berre hatt éin spelar som er eldre enn 2003-årgangen, og tre som er yngre. Eg ser at dei beste laga vi har møtt som har 5-6 spelarar frå 03, i år sender desse til seniornivå, seier Sandal.

Styrer begge laga saman

Sandal og Kvåle er vant med å samarbeida, fleire av 2003-jentene har spelt seniorfotball ved sidan av ungdomsfotball førre sesong.

– Vi satsar vidare på jente- og damefotball. Eg er glad for at begge er med vidare, og for at vi no får eit utvida tilbod i seniorfotball i Nore Neset og Os, seier dagleg leiar i Os Fotball.

Dei to laga skal trena saman, og begge trenarane er med og leiar begge laga i kamp når serien startar.

Sandal fortel at gruppa tel oppunder 30 spelarar, og at dei har vore over 20 på trening no i januar.

– Vi trener tre dagar i veka, i tillegg kjem eigentrening på kondisjon og styrke.

Os Fotball har dei siste to sesongane òg hatt eit sjuarlag. Det er uvisst om dette held fram. I haust blei det starta eit damelag på Søre Neset. Det var i november ikkje bestemt om dei ville melda seg på i 7-ar eller 11-ar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.