Lokal | 11. jan. 2020

Trond frå Os på NRK med Dan Børge

Datoen: Pensjonert lærar fortel om livet som sjømann og eit nært forhold til born med ulike vanskar.

Trond frå Os på NRK med Dan Børge
Den omskulerte sjømannen Trond bak roret, på opptak i Os hamn. Måndag kveld blir episoden sendt. (Foto: Monster/NRK)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandlørdag 11. jan. 2020 08:50

NRK er i sin fjerde sesong av serien «Datoen», der serieskaparane fortel om tre personar fødd same dag.

Dei tre personane, ein kjendis og to andre, møter ikkje kvarandre i serien, men vi får sjå kva liv dei har levd, knytt saman av historiske hendingar.

• Les meir om Datoen på NRK.no

Måndag kveld kjem tredje episode, som fortel om den tidlegare programleiaren Dan Børge Akerø, Bjørg M. Aasen frå Moss og Trond Løvdok frå Os. Alle er fødde 23. januar 1951.

Sjømann og spesialpedagod

Trond Løvdok har budd i Os i rundt 40 år. Han er fødd og oppvaksen i Drammen, men reiste som 15-åring heilt åleine til Canada for å mønstra på ein norsk båt.

– NRK ringer alle i Noreg som er fødd same dag. Då eg var ein av dei to dei ville ha med i programmet, var den yngste sonen min Øyvind tydeleg på at eg burde seia ja. «Du har opplevd så mykje» meinte han.

Som sjømann starta han med skipsfart mellom Canada og Japan, tok utdanning og var på ubåt i Forsvaret, og var seinare i Midtausten for å frakta olje.

– Det var mens eg var på Haakonsvern eg møtte ei dame frå Søre Neset, som seinare førte til at eg slo meg ned i Os.

Båten Trond jobba på blei dirigert inn i ei krigssone under den første gulfkrigen (Iran-Irak på 80-talet).

– Eg valte seinare å gå i land og omskulera meg. Etter 16 år på sjøen blei det 30 år på Os vidaregåande skule.

Med engasjement for born med vanskar

Hovudårsaka til at Trond valte å gi seg som sjømann, var at Yngve, Trond og Nelly sin førstefødde, viste seg både å ha ADHD og å nokre funksjonsvanskar. Trond ville vera meir heime, ikkje minst grunna eldstemann sine utfordingar, så han omskulerte seg til spesialpedagog og har i hovudsak undervist små grupper av elevar med spesielle behov.

Løvdok har òg vore engasjert i foreininga ADHD Norge i over 30 år.

– Å gi born med funksjonsvanskar eit godt liv, å fokusera på kva dei kan, ikkje kva som er vanskeleg å klara, er noko av det eg har vore opptatt av. Sjølv ser eg kor mykje begge sønene mine har gitt meg, og at livet mitt er rikare takka vera både han som er frisk og han som har vakse opp med ulike utfordringar, men som lever eit godt liv også som vaksen.

Yngve er òg intervjua i episoden som blir vist måndag.

– Korleis opplevde du å bli intervjua av NRK?

– Vi hadde to heile dagar saman, og dei gjorde mange fine opptak. Ikkje alt blir vist, men eg forstår at dei har avgrensa tid til kvart intervjuobjekt, og at dei vil ha fokus på det som kan knyttast til ulike historiske hendingar vi som er med i serien har opplevd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.