Kultur | 24. mai 2020

Tysnesfest 2021 byrjar å ta form

Slepp fire artistar i dag.

Tysnesfest 2021 byrjar å ta form
Hjerteslag speler både på Såto og på Gjerstad i 2021. (Foto: Isak Okkenhaug)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2020 19:01

Laurdag 25. april blei det klart, det blir ingen Tysnesfest i år. Den store, populære festivalen over fjorden måtte, som alle andre innanfor smittevernperioden, avlysa.

– Me har ikkje lagt på latsida etter den triste beskjeden, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

– Me var svært nøgd med lineupen til 2020, og hadde verkeleg ikkje lyst til å berre forkasta den, så me byrja arbeidet med å ombooka artistar allereie i vekene før kanselleringa var eit faktum.

Tysnesfest opplever òg at mange av årets billettkjøparar har bedt om verdikupong for billett til neste år. Festivalleiinga takkar alle som har valt å avstå frå refusjon.

– Sånt varmar eit godt arrangørhjarta!

Festivalleiinga ønskjer å flytta alle frå årets lineup over til 2021, men ser at neste års program ikkje blir identisk.

– Men torsdagskvelden er vi med dagens slepp i mål med, og der har vi fått absolutt alle med!

– Me har allereie tjuvstarta lanseringa med Vinskvetten, og det er med stor glede me kan lansera Bjørn Eidsvåg, Hellbillies, Stavangerkameratene og Hjerteslag til Tysnesfest 2021!

Alle dei til no lanserte artistane skal spela torsdag 8. juli neste år.

– Tilbakemeldingane frå artistane har vore udelt positive, og det ser ut som om vi vil klara å flytta over mange av dei andre òg. Men nokre få av dei får ikkje reiseruta til å gå opp.

Sånn såg det opprinnelege programmet ut til 2020

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Vinskvetten
Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Lemaitre, Isah, EMIR, Anna of The North, Stavangerkameratene
Laurdag: Jason Derulo (US), TIX, Village People (US), Kapteinen og car.pool

Meir om dei fire som i dag blei sleppt:

Bjørn Eidsvåg

Rockepresten med band til Tysnesfest: Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnesfest. Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv.

Bjørn Eidsvåg. (Pressefoto)
Bjørn Eidsvåg. (Pressefoto)

Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Hellbillies

Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match og sidan dei i 2020 skulle feira 30-årsjubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret! Festivalen blei corona-avlyst, men me har ordna det slik at me feirer 30-årsjubileet eit år forsinka.

Hellbillies. (pressefoto)
Hellbillies. (pressefoto)

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.
Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

Stavangerkameratene

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Tysnesfest 2021 får besøk av gjengen frå Stavanger, og snart kan du synga med på hits som «Bare så du vett det», «Vil du shalala» og «Vekk meg opp» runga over Gjerstad Arena.

Stavangerkameratene. (Foto: Rune Sørensen)
Stavangerkameratene. (Foto: Rune Sørensen)

Det unike samarbeidet «Stavangerkameratene» oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: «Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene» og etter det har navnet blitt hengande ved dei.

«Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp» Seier Tommy Fredvang.
Gled deg til ein fantastisk kjekk torsdag 8. juli 2020!

Hjerteslag – på Såto OG på Gjerstad!

Hjerteslag er punkarar som spelar pop. Eller poparar som spelar punk? Iallefall er dei tøffare enn toget, og dei rir på ei enorm popularitetsbølge som gjev dei heltestatus iallefall i sin eigen by, og no ser det ut til at det ikkje berre er bergensarane som ser opp til karane i Hjerteslag!

I 2019 avslutta dei Bergenfest til ein steming som vanskeleg kan beskrivast. Dei speler for fulle hus på store klubbar, og på Røkeriet siste helga i november måtte dei setja opp ein ekstrakonsert for å få plass til alle som ville ha billett!

Torsdag 8. juli 2021 kjem dei til Tysnesfest! Fyrst på dagen kan du oppleva dei akustisk og nedstrippa på Tysnessåto, og seinare skal dei avslutta torsdagen på Gjerstad med fullt trøkk og masse feite lys og show!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.