Samferdsle | 08. juni 2024

Unngjekk ferjestreik

Partane blei einige på overtid.

Unngjekk ferjestreik
Halhjem-Sandvikvåg ville blitt ramma om ikkje partane i natt blei einige. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. juni 2024 07:35

Ved midnatt gjekk den eine fristen, klokka 06 laurdag morgon var den andre.

Statens vegvesen informerer i dag om at partane blei einige, det blir ingen streik.

– Det blir ingen ferjestreik i år. Samtlege samband vil gå som normalt.

I vårt område var det Halhjem-Sandvikvåg som ville blitt råka ved eventuell streik.

Ifølgje NRK var det rett før klokka 06 at riksmeklar Mats Wilhelm Ruland opplyste til NTB at NHO Sjøfart og alle dei tre involverte forbunda er einige.

Først blei Det norske maskinistforbund einige. Kort tid etter blei dei òg positivt resultat i meklingane for Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.