Kultur | 21. aug. 2020

Ut av brakkesjuka og opp på scenen

Os Mannskor, Os kammerkor og Nornekoret klare for konsert i Oseana.

Ut av brakkesjuka og opp på scenen
Os Mannskor, her i Oseana-foajeen i fjor sommar. I morgon skal dei inn i Oseanasalen med to andre kor. (Foto: Lilly Mae Grønvigh)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 21. aug. 2020 12:32

I slutten av juni fylte Fonos Oseanasalen med sommarstemning - laurdag kveld vert det konsert med tre andre lokale kor i hovudsalen i Oseana.

Os Mannskor, Os kammerkor og Nornekoret. Sjå video frå då mannskoret og kammerkoret hadde konsert saman i foajeen i juni i fjor.

Formann Jan Erik Bugge i Os Mannskor gler seg til konsert, men kan fortelja om ei utfordrande tid med førebuingar.

– Vi har trass alt lagt bak oss fem og ein halv månad med smitteverntiltak. Men vi har vore kreative, og fått øvd litt rundt om kring, fortel Jan Erik Bugge frå Os Mannskor.

– Nokre av oss har øvd ute i Moldafjero, andre har brukt Vognhallen i Os sentrum. Og så har dei fleste sjølvsagt øvd heime. Men dei to siste vekene har vi klart å samlast litt, blant anna i Eldresenteret.

Lover overraskingar

Det som vil bli presentert på laurdag er av stor variasjon.

– Vi har ikkje så mykje nytt på tapeten, men vi har plukka av eit repertoar som har bygd seg opp over ein del år. Det vil vera stor variasjon av materiale som vi har bydd på tidlegare. I tillegg, utan å avsløra for mykje, så vert det nokre overraskingar, seier Bugge.

Sjølve gjennomføringa blir òg litt annleis.

– Det er ikkje berre publikum som må halda avstand, vi i koret må òg stå eit stykke frå kvarandre. Det er ikkje alltid like greit når ein skal synga saman i eit kor. Til vanleg står vi jo som sild i tønne, og det å lytta til kvarandre så tett er musikalsk sett til hjelp.

Os kammerkor er òg del av konserten. (Foto: Lilly Mae Grønvigh)
Os kammerkor er òg del av konserten. (Foto: Lilly Mae Grønvigh)

Risikoalder og fråvær

Fleire i Os Mannskor er i ein alder som plasserer dei i risikogruppe ved eventuell smitte.

– Vi er nøye med smitteveen òg internt i koret. Seks av medlemmane våre står over konserten for å verna om anten seg sjølv eller andre i familien.

Ledige billettar

Oseana kan melda om i overkant av 50 førehandsselte billettar av totalt 200 billettar som er tilgjengelege.

– Det som er typisk for eit slikt arrangement er forholdsvis lågt sal på førehand, men godt sal i døra, påpeiker Veronica Søilen Halhjem frå Oseana kulturhus.

Bugge let seg ikkje stressa.

– Denne generasjonen dukkar som regel opp i døra og kjøp billettane sine på staden. No håper eg at alle som ønskjer å høyra konserten får plass, og til å koma oss ut av brakkesjuka og opp på scenen, avsluttar mannskorformannen.

Tre kor på éin kveld, her: Nornekoret.
Tre kor på éin kveld, her: Nornekoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.