Lokal | 16. mars 2021

Utset piggdekk-fristen

Vegvesenet utset fristen til å ta av piggdekk ut april månad for heile landet.

Utset piggdekk-fristen
Fristen for å ta av piggdekka er no utvida til å vara ut april månad. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 16. mars 2021 08:36

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Bakgrunnen er koronapandemien.

- Vi oppfordrar likevel folk til skifta ut piggdekka så raskt som mogleg. Men vi ser òg mange praktiske utfordringar i desse koronatidene. Verkstadar og dekkhotell kan vera stengt eller har redusert kapasitet. I tillegg ønskjer vi ikkje å bidra til unødvendig reising, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Vegvesenet har vedteke å gje unntak fra dei ordinære piggdekk-fristane. No er fristen til å skifta ut piggdekka satt ut april måned - og gjeld likt for både Sør- og Nord-Noreg.

Opprinneleg skal piggdekka av innan første måndag etter 2. påskedag i Sør- og innan 1. mai i Nord-Noreg. Vegvesenet gav tilsvarande korona-utsetjing i fjor vår. Sverige har også innført ei slik utsetjing.

- Dette har likevel vore ei vanskeleg vurdering. Det er uheldig å ha køyretøy med piggdekk på vegen lenger enn naudsynt. Kombinasjonen av piggdekk, tørre vegar, varmt vêr og god kørefart gir mykje svevestøv. Vi ber om at dei som har moglegheit til å skifta så raskt som mogleg gjer det for å minska andre miljøulemper og ikkje venta så lenge som mogleg, sier Lutnæs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.