Lokal | 19. jan. 2020

Utvida planar for årets oktoberfest

I fjor var det 70 på venteliste for å koma inn i teltet - no er dato, band og nytt lokale i boks til årets oktoberfest.

Utvida planar for årets oktoberfest
Bjarte Andersen frå Catten Nightclub saman med ekteparet Peter og Kristin Moesgård i Vognhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. jan. 2020 20:14

Bildeserie:

Samarbeidspartnarane er dei same som i fjor. (Foto: KVB)
Samarbeidspartnarane er dei same som i fjor. (Foto: KVB)
Då blei det 250 i telt og 70 på venteliste. (Foto: KVB)
Då blei det 250 i telt og 70 på venteliste. (Foto: KVB)
Brørne Wold var blant dei som stilte uniformert. (Foto: KVB)
Brørne Wold var blant dei som stilte uniformert. (Foto: KVB)
1 av 3
Samarbeidspartnarane er dei same som i fjor. (Foto: KVB)
Då blei det 250 i telt og 70 på venteliste. (Foto: KVB)
Brørne Wold var blant dei som stilte uniformert. (Foto: KVB)

Peter Moesgård tok i fjor initiativ til ein større oktoberfest i Os sentrum, og fekk med seg Havnechefen, Catten og Os Sentrumsforening.

I telt med varmekanonar og plass til 250 gjestar blei det fullt hus, god musikk og mange med antrekket i orden - og det var 70 personar på venteliste.

– Fredag hadde vi berre 70, men då konkurrerte vi mot Kristian Valen i Oseana. Vi køyrer to dagar i år òg, men vi rettar oss mot ulikt publikum dei to kveldane, fortel Peter Moesgård og Bjarte Andersen.

Fredag blir for bedrifter, laurdag for alle.

Datoane er siste helga i september, fredag 25. og laurdag 26. september.

Vil ha varme i Vognhallen

Arrangørane er dei same, men dei flyttar festen frå telt på Øyro til Vognhallen, der dei kan dekka til nesten dobbelt så mange.

– Det er ikkje sikkert at tak over hovudet er nok når vi er i slutten av september, så vi vil dekorera veggane med bannarar og senda varme inn i hallen. Det blir fleire små gassdrivne omnar, så vi slepp diesellukta enkelte merkte i teltet i fjor.

– Det blir dessutan lengre serveringsdisk og større bar, vi skal strekka oss eit stykke for å korta ned køen.

Denne riggen med veggar og varme kan brukast om igjen, også av andre, kanskje allereie helga etter, då det er eit anna arrangement i Os som normalt bruker Vognhallen til delar av programmet.

Programslepp og billettsal i mars

Målet er å fylla Vognhallen med mange bedrifter frå Bjørnafjorden kommune, og gjerne nokre nabokommunar, til fest for næringslivet fredag kveld.

– Det blir oktoberfest-meny og oktoberfest-musikk begge kveldane. I tillegg vil vi ha oktoberfest for born og familiar på dagtid laurdagen.

– Når Os Sentrumsforening har fått ny leiar, vil vi inkludera dei. Om dei ikkje har akapsitet til å laga noko på dagtid, så gjer vi det. Målet er å både vidareføra talentkonkurransen, ha ulike formar for underhaldning og å selja mat og drikke også på dagen.

Første band er booka, Søre Neset Musikklag sitt tyrolerband skal spela begge kveldane.

– Vi prøvde å booka dei i fjor òg, men dei skulle spela på oktoberfest på Voss. Då fekk vi heldigvis tak i Midtun Pavillion orkester, som gjorde ein kjempejobb! Men i år blir det eit endå meir lokalt band.

Fullt program og billettslepp blir ein gong i mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.