Lokal | 05. juli 2017

Utvider friluftsområde på Strøno

Miljødirektoratet går inn med 166 000 kroner for å sikre utviding av Stokkavik friluftslivområde på Strøno.

Utvider friluftsområde på Strøno
Friluftsrådet vil kjøpa areal for å utvida friluftslivsområdet i Stokkavika (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 05. juli 2017 06:52

Bildeserie:

Stokkavika ligg like nedanfor Strøno barneskule (kart: os kommune)
Stokkavika ligg like nedanfor Strøno barneskule (kart: os kommune)
1 av 1

Det er Bergen og omland friluftsråd som har søkt Miljødirektoratet om statleg medvirkning til ei utviding av friluftslivområdet Stokkavik på Strøno. Friluftslivområdet ligg rett nedanfor Strøno barneskule.

Friluftsrådet ønskjer å kjøpa deler av gards og bruksnummer 27/57, 27/299 og 27/300.

– Miljødirektoratet gir med dette tilsagn om inntil kr 166 000,- inklusiv omkostnader til sikring av ovennemnde arael til friluftslivsområde for ålmenta. Tilsagnet dekkjer inntil 100% av kostnadane ved sikring. Inkludert i tilsagnet er også støtte på kr 10 000 til informasjonstavle, heiter det i tilsagnsbrevet frå Miljødirektoratet.

Blir dobbelt så stort

Stokkavik friluftslivsområde er i dag på 12 dekar med strandlinje og badefjære. Med utvidinga vil det sikra området bli omlag dobbelt så stort. Området omfattar ein driftsveg ned frå vegen Skiapvika til strandområdet.

– Det omfatter også eit areal egna for HC-parkering ved avkøyrselen. I tillegg ønskjer friluftsrådet å sikra to mindre parseller i strandsona, gnr 27 bnr 299 og 300, med ein eldre kai oppmurt av naturstein som vil vera ein fordel å sikra for drift og bruk av vika. Med dette vil mesteparten av strandlinja inne i Stokkavika bli sikra.

Kan avlasta Ervikane

Hordaland Fylkeskommune har prioritert sikring og utviding av Stokkavika høgst i si tilråding.

– Dei legg vekt på at dette er eit mykje brukt utfartsområde for Bergensregionen, og at det ved utviding og meir tilrettelegging betre vil kunne avlaste det regionale friluftslivsområdet Ervikane lengre sør på Strøno.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.