Var du på Apotek 1 Flåten tysdag?
Kommuneoverlegen ber publikum ha låg terskel for å testa seg.

I dag kom det melding to nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.
- Mann i 70-åra, nærkontakt til person som tidlegare har fått påvist smitte. Var i karantene, ingen fleire nærkontaktar.
- Mann i 60-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er sett i karantene.
Bjørnafjorden kommune har i tillegg gått ut og varsla om at eitt smittetilfelle er knytt til Apotek 1 Flåten på Amfisenteret. Apoteket ligg i andre etasje på senteret.
- Apoteket har svært gode smittevernrutinar, og risikoen for smitte er derfor låg.
– Men dersom du var innom apoteket frå klokka 12 og utover tysdag ettermiddag, skal du vere ekstra merksam på eventuelle symptom og ha låg terskel for å teste deg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.