Lokal | 21. mars 2021

Vår i Bjørnafjorden

Tjeld og grågås er på plass for sesongen.

Vår i Bjørnafjorden
Tjeld er normalt den første som er tilbake frå overvintring. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mars 2021 08:17

Sjølv om det ikkje er så mange plussgradar enno, har fleire vårteiktn byrja å bli synlege. Folk har møtt hoggorm og sett kvitveis. Måndag blei to trekkfuglar fanga på same bilde av naturfotograf Oddmund Lunde.

– Dei spaserte saman på eit skjer i Kjerringahavet, fortel Oddmund.

Kjerringahavet ligg mellom Lepsøy og Bruarøy.

Begge er kortdistansetrekkfuglar. Tjeld (Haematopus ostralegus) overvintrar øst i England og i Vadehavet utanfor Nederland. Også grågåsa (Anser anser) overvintrar i nasjonalparken Vadehavet.

Vi reknar med at det er 20.000-25.000 par grågås i Noreg og 30.000 til 50.000 par med tjeld.

Grågås er vegetarianer, tjeld et krepsdyr, blautdyr, blåskjel og andre skjel. Tjelden sitt aktivitetsnivå er, med mindre den er blant dei få som ikkje bur ved kysten, påverka av tidevatnet. Den er altså aktiv om natta.

Tjeld er den første trekkfuglen som kjem tilbake etter vinteren. På Færøyene er Tjaldur nasjonalfugl, og fuglen sin ankomst blir feira årleg 12. mars på Gregorsmesse, noko som blir rekna som starten på våren.

Les meir om tjeld og gråsgås på Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.