Politi | 29. apr. 2021

Vegvesen og politi med fleire trafikkontrollar

Syndarane var få og små.

Vegvesen og politi med fleire trafikkontrollar
Statens vegvesen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. apr. 2021 08:02

Onsdag litt før klokka 09 stoppa politiet ein bil som hadde skilt montert på støtfangaren.

Vedkomande fekk pålegg om å retta feilen og framstilla køyretøyet for kontroll.

Fem mc-ar blei kontrollert, éin avdei hadde både skilt og bremselys delvis skjult av skjerm.

– Klokka 15.50 i går fekk vi melding om ein skadd hegre som blei funnen på Nedre Lekven. Viltkontakt blei varsla, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

To bruksforbod og éi avskilting

Onsdag kveld hadde Statens vegvesen trafikkontroll både på Halhjem og i Hjellemarka.

– Det var 19 køyretøy over kontrollplass, av desse blei 8 tunge plukka ut for full kontroll, fortel John Kåre Larsen.

Alle som var innom kontrollplass blei slått opp i kontrollsystem for å sjekka periodisk kontroll, forsikring og vektårsavgift.

Det blei delt ut bruksforbod på to køyretøy grunna lastsikring. Ein traktorhengar blei avskilta grunna begjæring på ikkje utbetra mangel.

Éin sjåfør blei kontrollert for køyre- og kviletid. Vedkomande fekk ei åtvaring.

I tillegg blei det funne teknisk mangel på bremsar og luftsystem på to bilar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.