Lokal | 11. mai 2016

Vil du byta klede?

Har du plagg du ikkje bruker lenger og lyst på noko «nytt»? «Berekraftige liv på Os» arrangerer kleskarusell.

Vil du byta klede?
– Alle er velkomne, også dei som ikkje har levert noko, seier Marny (t.v.), her saman med andre eldsjeler i Berekraftige liv på Os, Øystein Lid, Torgeir Skjælaaen og Henriette Kleppe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mai 2016 07:01

Har du byrja å leita fram 17. maiklede og kanskje funne ut at det er på tide å rydda i klesskapet?

«Berekraftige liv på Os» skal arrangera kleskarusell, ein bytedag der du kan gje vekk noko som ikkje passar lenger - og kanskje finna deg noko nytt å gå med.

– Vi held no på å samla inn og sortera. Folk kan også levera klede med hol i, og klede som manglar ein knapp eller ein glidelås. Desse kleda vil vi gjera om til nye når vi skal ha ein eigen redesign-workshop til hausten, fortel Marny Strømland frå styret i Berekraftige liv på Os.

Kan henta utan å levera

Sjølv om det blir invitert til bytedag er folk velkomne også om dei ikkje har levert inn noko.

– Men vi er naturlegvis avhengige av at nokon leverer frå seg klede så det blir noko å legga fram.

Organisasjonen har fått låna lokale hos Kuventræ skule og held sjølve bytedagen 21. mai.

– Klede som ikkje finn ny eigar denne kvelden vil vi gje til Kveldsvakten ved Beate Brade, og til Fretex, fortel Marny.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.