Politi | 14. apr. 2021

Viste fram førarkortet - men ikkje sitt eige

Éin mistenkt for å oppgi falsk ID, ein annan mista lappen etter mobilbruk.

Viste fram førarkortet - men ikkje sitt eige
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. apr. 2021 08:00

I 13-tida tysdag blei ein bil stoppa av politiet litt sør for Os sentrum.

Bilførar, ein mann i 30-åra er meldt for å oppgi falsk ID.

– Han viste fram eit førarkort, men det var ikkje hans eige, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Då han blei avslørt, sa han at han hadde funne førarkortet.

Vedkomande er òg meldt for køyring i rus, køyring utan gyldig førarkort og for oppbevaring av narkotika, då det blei funne noko stoff i bilen.

Fekk avgjerande prikkar på førarkortet

I 19-tida i går blei ein mann stoppa grunna ulovleg bruk av mobiltelefon.

Bilførar, ein mann i 50-åra, hadde så mange prikkar frå før at han passerte grensa på 8 prikkar, som resulterer i førarkortbeslag.

Mannen samtykka i beslaget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.