160 fot med luksus
Den eksklusive yachten «Grace» ligg til kai i Os hamn.
Bildeserie:
Fredag la MY «Grace» til hamn i Os. Båten seglar under nederlansk flagg med byen Rotterdam på hekken.
Ifølgje Marinetraffic.com er båten 49 meter lang og 8 meter brei.
Midtsiden har ikkje observert folk om bord i dag.
Hamnesjef Gitle Smaadal vil ikkje seia noko om kven som eig båten eller kor lenge den blir liggande i Os, men stadfestar at det på førehand er bestilt plass til skuta.
Godt kjent på norskekysten
Ifølgje avisa Nordlys er det den nederlandske millionæren Henk Koster som eig båten. I alle fall var det han som eigde båten då avisa skreiv om Grace i 2012.
I 2005 fortalte BT.no, som også har bilde av interiøret, at bergenske investorar var i ferd med å bli medeigar i båten, som skulle gå som luksuscharter på norskekysten.
Koster skal ha fått bygd båten for 150 millionar kroner. Den er designa som ein yacht frå 1920-talet, men var ny i 2003.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.