Sport | 05. apr. 2012

17 år som inspektør på Svalbard

Eit engasjement for miljøet førte osingen Arild Lyssand til Svalbard, som feltinspektør hos Sysselmannen. No har det blitt mange år som politi i isbjørnen sitt rike.

17 år som inspektør på Svalbard
Sysselmannsførstebetjent Arild Lyssand framfor Longyearbyen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. apr. 2012 07:24

Fleire osingar har hatt korte og lange opphald på den polare utposten på 78° nord. Ein av dei som har blitt beten av Svalbard-basillen er politimannen Arild Lyssand.

Det heile starta tidleg på 90-talet. Då jobba Lyssand i Økokrim i Oslo, i eitt av dei to konkursteama som skulle følgja opp regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet.

- Vi var to team som reiste land og strand rundt for å etterforska forholda rundt forskjellige konkursar.

- Eg hugsar eg på eit møte om verksemdplan spørte kva vi skulle gjera i forhold til miljøkriminalitet. Eg fekk ikkje svar, fortel Lyssand.

Starta Noregs første miljøteam

Det fulle namnet til Økokrim er nemleg "Den sentrale enhet for etterforsking og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet".

- I 1993 sat eg og snakka med ein statsadvokat om å etablera eit eige miljøteam i Økokrim. Slik blei det, og vi to blei dei første medlemmane i teamet.

På det tidspunktet visste Lyssand at Sysselmannen hadde tre feltteam, kvart med to mann, i sving på Svalbard. Team som jobba om sommaren for å ta vare på naturen og kulturminna og sørgja for at turisme og næringsverksemd ikkje øydela.

- I 1995 søkte eg og fekk mitt første engasjement som feltinspektør på Svalbard.

Éin sommar blei til fire

Turen gjekk til Magdalenafjorden, der Lyssand og kompanjongen overnatta i enkle fangsthytter for å overvåka turist- og cruisetrafikken, i tillegg til å registrera og ta vare på natur- og kulturminner.

Den eine sommaren blei fort til fire.

- Etter den første turen var eg beten og turen gjekk opp igjen til nye felttenester i 96, 97 og 2000, fortel den friluftsinteresserte politimannen.

- Ei viktig oppgåve var å visa seg fram for turistskipa. Vi såg mykje rart.

Lyssand fortel korleis dei oversjøiske cruiseskipa stemna inn fjordane og let gjestane vrimla fritt rundt mens dei sjølv spelte opp med opramusikk og grilling på det skjøre landskapet.

- Eg synes dei har hatt noko å læra av dei lokale arrangørane. Dei hadde orden i rekkjene og sleppte ikkje gjestane sine på land utan væpna guide både framfor og bak.

Jager isbjørnen

Våren 2001 fekk Lyssand åremålstillinga som sysselmannsførstebetjent i Longyearbyen, ei polititeneste mykje lik den på eit vanleg lensmannskontor, men likevel med heilt andre utfordringar.

- Isbjørnen bur her. Det gjeld berre å akseptera og respektera den.

- Ei viktig oppgåve for oss er å sørgja for at den ikkje kjem for nær busettingane. Om det kjem melding om at den nærmar seg så må vi ut og jaga den, fortel Lyssand.

Til no denne vinteren har ikkje isbjørnen vore noko problem.

Fem drept på 40 år

Den etterkvart så erfarne Svalbard-politimannen fortel at isbjørnen i løpet av dei siste 40 åra "berre" har tatt fem liv, men når det skjer er det med stor dramatikk.

- Det siste tilfellet, som eg hadde etterforskningsansvaret for, var den engelske skuleklassen i august i fjor, der ein elev blei drept og fire andre blei alvorleg skadd.

- Dei involverte låg i ein teltleir med fem telt og tretten personar inne ved Von Post-breen då isbjørnen klarte å ta seg inn i leiren. Der slo den seg gjennom teltduken og fekk tak i og drepte ein av elevane. Dei andre blei skadd som følgje av angrep frå isbjørnen før den eine leiaren klarte å drepa bjørnen med eit skot i tinningen.

Godt rusta

Frå meldinga om angrepet kom til Lyssand og hjelpemannskapa var i lufta gjekk det berre 25 minutt. Ein time seinare var tre av dei skadde på veg til sjukehuset i Longyearbyen, etter ytterlegare ein time var aksjonen avslutta og etterforskinga kunne byrja.

- Sett i lys av diskusjonane som har vore om politiressursar etter 22/7 må eg seia at vi er godt rusta her oppe. Vi har blant anna to helikopter til disposisjon, fortel Lyssand.

Og nettopp helikopter er ein viktig ressurs i det kuperte og vanskeleg tilgjengelege landsskapet.

- Om vi blir kalt ut til ein redningsaksjon blir det fort ein vanskeleg og omfattande aksjon om det ikkje er flyvêr, seier sysselmannsførstebetjenten.

Enkelt og greit liv

Lyssand er no inne i sin andre åremålsperiode på Svalbard. Han har bestemt seg for at han i alle fall tar éin vinter til oppe under nordlysets himmel.

- Det er totalpakken. Her er lever vi eit enkelt og greitt liv, fortel Lyssand når Midtsiden spør kva det er med Svalbard som lokkar.

I vinterhalvåret nyttar Lyssand og vener Platåfjellet rett ved Longyearbyen til rekreasjon og trim.

- Vi må jo halda kroppen i form, så i mørketida blir det på med hovudlykter, stavar og piggsko for å ta seg ein fjelltur.

- Kva må osingar som vil ta turen til Svalbard få med seg?

- Det kjem jo litt an på interessa og sesongen.

- Scootersesongen frå februar til april er jo populær. Då kan ein få sett mykje.

- Ein er nesten avhengig av transport som scooter eller båt her oppe. Det er jo ikkje bilvegar andre stadar enn her rundt Longyearbyen og inn i Adventsdalen, avsluttar osing og sysselmannsførstebetjent Arild Lyssand.

Midtsiden kjem i løpet av påsken tilbake med fleire saker om opplevingar på Svalbard. Blant anna har vi vore med på "jakt" etter isbjørn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.