Samferdsle | 04. apr. 2024

Anbefaler dei med sommardekk å lata bilen stå

Vinteren slepp ikkje taket før i 15-tida i dag.

Anbefaler dei med sommardekk å lata bilen stå
Det er foreløpig svart asfalt og kosting framfor salting i Os, men det snør framleis, og kan bli glattare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. apr. 2024 09:40

Påsken blei avslutta med varsel om 15 gradar under nærmast skyfri himmel måndag 1. april.

Torsdag 4. april fekk vi snø.

I og rundt Os sentrum har det likevel vore svart asfalt og fint føre, men det snør framleis.

– Alle må køyra etter forholda der dei er. Vi anbefaler dei med sommardekk om å lata bilen stå, skriv Vegtrafikksentralen i 09.30-tida.

Det er meldt nedbør i Os fram til klokka 15, så skal det blir opphaldsvêr fram til og med 12-tida laurdag.

Temperaturen skal opp i 6 gradar fredag og 11 laurdag og søndag. Men både laurdag og søndag ligg an til å bli våt.

Måndag er det meldt 10 gradar og lettskya, men det er meldt nedbør på kvelden og kvar dag neste veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.