Åsen - Helleskaret: Signerte avtale i dag
I går gjekk karensperioden ut, i dag blei kontrakt skriven.
Torsdag 30. mars klokka 12 var det frist på anbodsrunden på 1,6 km lange fylkesveg 5156 Åsen-Hellskaret.
Vi fekk innsyn i opningsprotokollen, som viser tilbod frå 8 aktørar og prisdifferanse på 59 millionar kroner på høgaste og lågaste tilbod.
Karensperioden var utvida til onsdag 24. mai klokka 14. Då det ikkje kom inn klage innan frist, var det i dag duka for kontraktskriving.
Vestland fylkeskommune har med det engasjert Bertelsen & Garpestad AS til å bygga ny fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret.
Prisen er på om lag 200 millionar kroner.
Arbeidet startar til hausten og skal vera ferdig sommaren 2025.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.