Næringsliv | 02. des. 2022

Askeladden nominert til internasjonal pris

Kan vinna prisen «European Powerboat of the Year».

Askeladden nominert til internasjonal pris
Båt for pengane, køyreoppleving og tryggleik er blant faktorane Askeladden har skåra godt på. (Foto: Askeladden Boats AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. des. 2022 12:10

I fjor på denne tida kom Askeladden Boats sin første C78 Cruiser ut av fabrikken og opp frå Polen til Norge, no er den blant fem nominerte båtar til prisen Årets Motorbåt i Europa (European Powerboat of the Year).

Askeladden er nominert saman med fire andre: Bayliner M19, Beneteau Flyer 8 Sundeck, Boston Whaler 250 Dauntless og Rand Source 22 i kategorien «båtar inntil 8 meter, ein av seks kategoriar.

– Det er stort å bli nominert, spesielt sidan det er andre året på rad, seier dagleg leiar i Askeladden Boats AS, Jonathan Dyrstad.

I fjor fekk dei nominasjon for båten C80, som blei ein bestseljar etter lanseringa i 2020.

– Det er tøff konkurranse mot store, kjente merke i Europa. Vi har vore nominert nokre gongar, men aldri vunne denne prisen.

– Vår design blir som kjent brukt av søstermerket vårt på kontinentet, Parker, og vi deler nominasjonen med dei.

Dagleg leiar Jonathan Dyrstad, her på messa Båter i Sjøen i Oslo i september. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Dagleg leiar Jonathan Dyrstad, her på messa Båter i Sjøen i Oslo i september. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Juryen besår av journalistar frå ulike europeiske båtmagasin, prisen blir delt ut under den store båtmessa Boot, som blir arrangert i Düsseldorf frå 21. til 29. januar.

Kriteria i nominasjonen og tildelinga er kvalitet per krone, køyreoppleving og tryggleik.

– Vi plar ta oss nokre dagar på messa. No må vi passa på å også reisa tidleg nok til å få delta på banketten og utdelinga, som er i starten på messa.

Nominasjonen er også omtalt av Båtmagasinet.

Bildeserie:

Praktisk og komfortabel. (Foto: Askeladden Boats AS)
Praktisk og komfortabel. (Foto: Askeladden Boats AS)
C78 har minibysse, toalett og plass til overnatting for to. (Foto: Askeladden Boats AS)
C78 har minibysse, toalett og plass til overnatting for to. (Foto: Askeladden Boats AS)
1 av 2

Askeladden C 78 Cruiser

Lengde 7,80 m
Bredde 2,55 m
Personer 7
Fartspotensial 46 knop
Utenbords 250 – 350 hk

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.