Meining | 01. sep. 2023

Bjørnafjorden INP vil ikkje stemma blankt

DEBATT: Vi har desse kriteria for kven vi vil samarbeida med.

Bjørnafjorden INP vil ikkje stemma blankt
Nils Ove Lauvik, 1. kandidat i Bjørnafjorden INP. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. sep. 2023 07:22

Bjørnafjorden INP kjem ikkje til å stemma blankt i val av ordførar.

Vi vil, som eit minimum, IKKJE samarbeide med parti som:

  • er for vindkraft
  • som vil ha eigedomsskatt på primære boliger eller fritidseigedomar
  • som vil redusere tilbod til de eldre
  • som vil legge ned skoler og barnehagar

Vi vil jobbe for at vegbygging skal over på statsbudsjettet, vi er no helt innestengt av bompengar. Vi vil også jobbe for å få gratis ferjer til alle, ferjene skal være ein del av vegnettet.

Vi ønsker å føre en landbrukspolitikk som stimulerer landbrukets næringsverksemd til utvikling, auka rekruttering, auka sysselsettingsgrad og dermed sikre auka sjølvforsyningsgrad og busetting i bygdene.

Vi seier NEI til vindkraft både på hav og land, vi vil heller oppgradera vasskrafta og utgreie moglegheita for kjernekraftverk.

Det som er aller mest meiningslaust i Noreg, i dag er den energipolitikken som blir ført.

Vi meiner vi skal: «Tenke konsekvens først, INP ønsker å stoppe meiningslause tiltak som går ut over vanlege folks økonomi eller naturen og dette skal gjenspeilast i den lokale politikken»

Det er ganske interessant å lese at kommunen vår har som målsetting å: «stoppa klimaendringane, være fossilfri innan 2030 og det skal være enkelt og trygt å køyre utsleppsfritt. Ved fjorden kan innbyggarane dyrka både badeliv og utsleppsfritt båtliv. Visjon, overordna mål og strategiar blir forankra i denne planen, og gjennom arbeidet med klima-, miljø- og energiplanen skal kommunen arbeide videre med visjonen og med tiltak for å nå denne»

INP meiner at visjonen bør være å ta vare på innbyggarane i kommunen, spesielt de som har minst, dei som veks opp og dei som er eldst.

Bjørnafjorden er i ein alvorleg økonomisk situasjon, og må kutte med over 150 millionar i utgifter de kommande åra. Det ble bestilt ein rapport frå konsulentselskapet PWC, som fekk i oppdrag å sjå på korleis kostnadene kan kuttast i kommunen. Det skal kuttkuttastes store beløp i helse, omsorg og oppvekst.

Vi i INP erkjenner at det blir lagt strenge føringar frå storting og regjering med tanke på klimatiltak i Kommune-Noreg, og at det blir stilt krav til kommunane om å ha ein plan for dette.

Det «grøne skiftet» begynte som ein haldningskampanje der vi skulle bevisstgjere konsekvensar av å grise til miljøet rundt oss med skadelege utslepp frå fabrikkar til å hive frå oss plast og søppel i naturen.

I dag handlar det grøne skiftet om å «endra» klimatrenden på jorda ved å redusere CO2-utslepp.

Ein kan seia og meina kva ein vil om fornybar energi, men per i dag finst det ikkje.

Med mindre du ser heilt vekk frå korleis desse blir produsert, plassert, transportert, montert og korleis dei blir destruert, og - ikkje minst - kva miljøavtrykk inkludert uttak av sjeldne mineral utgjer.

Ved å la være å legge ved ein «frå vogge til grav-rekneskap», inkludert det ovanståande, og legge inn utsleppløyver, vil vi aldri lykkast med å gjere kloden til ein betre stad å vera for framtidas generasjonar.

Industri- og næringspartiet INP er et parti som tar ansvar og konsekvensar på største alvor.

Vi kan ikkje og vil ikkje stå stille og sjå på at det blir bevilga milliardar av skattekroner berre orda «klima, fornybart eller berekraft» er nemnt meir enn tre gongar i søknaden.

Offentlege midlar som skal delast ut har i alle år hatt strenge krav, som blant anna ein forretningsplan. Det sokalla grøne skiftet sine lobbyistar har på ein snodig måte klart å få statlege midlar ved å selje diverse luftslott utan krav til ein frå «frå vogge til grav-rekneskap», der transparent selskapsstruktur og forretningsplan som i det minste identifiserer kundemassen og korleis dei skal leve etter subsidiane er brukt opp.

Vi i INP vil ta ned klimasatsinga, ta ein fot i bakken og krevje betre dokumentasjon på at de mange tilsynelatande velmeinande industrielle klimatiltaka verkeleg har effekt i den andre enden.

Det er blitt altfor lett å hoppe over miljøet og satse på klima i staden. Derfor har vi i INP tatt opp hansken og vil jobbe for å betre miljøet.

Alle land kan gjera noko for å få ein betre klode. Norge som kystnasjon har tradisjon og alle forutsetningar for å ta en ledande rolle for miljøet og da særleg å ta vare på havet og det som gror og lever der.

Målet for byområda er at klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy skal reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten blir tatt med kollektivtransport, sykling og gange. Dette kallast for nullvekstmålet.

Bjørnafjorden kommune består for det meste av bygder og grender. Mange har vore med å kjempe for å behalde nærbutikken, posten, lokal skule og lokal barnehage.

Vil Bjørnafjorden sine ambisjonar i klimaplanen føre til en ny kamp om retten til å bu der vi bur?

Bjørnafjorden kommune skal utgreia fornybare, lokale energikjelder for Lyseparken næringspark. Kommunen skal for eksempel sjå på grønt hydrogen og kjernekraft i form av mikro saltsmeltereaktorar. Teknologien som skal utgreiast skal også kunne brukast i ulike skalaer andre stader i kommunen.

Hydrogen har et «global warming potential» GWP på 5.8 (CO2 har 1) og det forskast framleis på dette feltet. Vi må vete konsekvensen av det vi gjer, før vi gjer det, ikkje etterpå, for det er no ein gang slik at det meste vi gjer har eit avtrykk i en eller annan form.

«I tillegg til batterielektrisk drift som har byrja å kome på ferjesamband og korte passasjerruter er det òg i emning andre utsleppsfrie energikjelder for sjøtransport. Norled si hydrogendrivne (brenselcelle) ferje «Hydra» vert sett i drift i 2021 og er den fyrste i sitt slag. Wilhelmsen-gruppa er i ferd med å utvikle to hydrogendrivne ro-ro-skip som dagleg skal frakte containere mellom norske oljebaser i Vestland og Rogaland frå 2024. Forsyningsskipet «Viking Energy» skal, som fyrste i sitt slag, bygge om til å gå på ammoniakkdrivne brenselceller og testing skal begynne i 2024»

Vi i INP vil gjerne sjå reknestykket på kva straumen produsert vil koste industrien og innbyggarane i kommunen, og vi vil sjå kva slags tiltak som skal bli iverksett med tanke på sikkerheita ved hydrogendrift. Vi vil jo som kjent tenke konsekvens først, ikkje etterpå.

Industri- og Næringspartiet Bjørnafjorden vil jobbe for indre trasé, med bru over fjorden til Fusa, slik at vi får knytt Os og Fusa betre saman som éin kommune.

Potensialet for utvikling i Fusa med ny busetnad og næringsareal er viktig. Ei løysing med indre trasé vil knytte Bjørnafjorden, Samnanger, Kvam og Kvinnherad tettare saman med Hardanger.

For eksempel vil Hordfast indre trasé med forlenging til E16 og vidare til Romarheimsdalen, kombinert med utbygging av E134 austover over Os og Fusa med bru over Hardangerfjorden ved Tørvikbygd og med ein arm til Norheimsund, både skape ein felles bu- og arbeidsmarknad nord-sør, og ein tilsvarande for aust-vest. Dette vil auke næringsutvikling i regionen, det blir lite næringsareal langs brua over Bjørnafjorden.

Tidlegare Os kommune står i fare for å bli ei gjennomfartsåre mellom Bergen, Haugesund og Stavanger, om gigantbrua over Bjørnafjorden realiserast. Ved å velja indre trasé, kan Bjørnafjorden bli eit knutepunkt både nord-sør og aust-vest - og skape vekst i hele regionen rundt oss.

Det handlar om vekst i regionen vår, det handlar om å få den nye kommunen, etter samanslåing, til å bli ein samla kommune.

Vi framstår jo nå som ein splitta kommune som er delt av ferjesambandet Hatvik-Venjaneset. Og det handlar om miljø.

Vi har jo fått nytt reinseanlegg for avløpsvatn i kommunen.

Samtidig, i 2019, kom det fem nye ferjer på Halhjem-Sandvikvåg, som ikkje har nokon form for reinsing av avløpsvatn eller kloakk.

Det er over 2,2 millionar reisande på sambandet i året, og talet aukar. Krav til utslepp frå ferja er 300 meter frå land.

Mens kommunen har tilrettelagt for reinsing av avlaupsvatn frå innbyggarane, slepp ferjene ut kloakk der vi har oppdrett og der Bjørnafjorden kommune meiner vi skal ta oss «ein tur i dei utsleppsfrie båtane», som det står i klima- og miljøplanen til kommunen.

Norsk skog binder enorme mengder CO2 årleg. Men når norske utsleppskutt skal teljast i åra som kjem, har regjeringa bestemt seg for å halde skogen vår utanfor reknestykket!

Om naturleg opptak av CO2 blir tatt med i beretninga får faktisk naturen ein etterlengta verdi i klima-rekneskapen, og kan føre til at vi verdsett den på en heilt annan måte.

INP er stiller seg sterkt kritisk til elektrifisering av sokkelen og Melkøya.

Nils Ove Lauvik
1. kandidat, Bjørnafjorden INP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.