Samferdsle | 30. nov. 2023

Byvegen stengt nok ein plass

Omkøyring for dei som skal til Stegen eller Os næringspark.

Byvegen stengt nok ein plass
Gravemaskina er byrja å grava. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 30. nov. 2023 12:20

Tidligare i dag blei det meldt om vassleidningsbrot i Os sentrum.

Det var større mengdar vatn som flaut som ei elv gjennom Os sentrum frå Byvegen og inn til restauranten Havnechefen.

Vassleidningsbrotet blir utbetra i dag - og dermed blir vegen stengd.

Slik såg det ut utanfor Lucianos torsdagsmorgon. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Les ògNytt vassleidningsbrot i Byvegen

– Det vil ikkje bli mogleg å køyra forbi brotstaden under utbetringa, fortel Agnete Haugland, einingsleiar for samferdsel.

Det vil seia at dei som skal til Stegen eller vidare mot 7/eleven eller til Os næringspark, må køyra gjennom Midtskogvegen.

– Med no er endå fleire stengte vegar i Os, vil det vera mogleg å køyra gjennom Holtbrekka?

– Nei, der vil det framleis vera gjennomkøyringforbod. Vi håpar at arbeidet vil vera ferdig i løpet av dagen, seier Haugland.

Ho fortel at det vil bli jobba kontinuerleg med å ordna vassleiningsbrotet til vegen er opna igjen.

Det blei tidleg i dag bestilt både kabelpåvisning og gravemaskin for å avdekka omfanget av vassleidningsbrotet.

Entrepenør frå Løvaas Maskin AS fortel at dei ikkje veit kor lang tid det vil gå før dei er kome ned til røyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.