Kultur | 10. sep. 2016

Delte ut humor, varme og visdom

Årets bestseljar i Oseana til no, Bjarte Hjelmeland, leverte varene til to fullsette salar.

Delte ut humor, varme og visdom
Bjarte Hjelmeland selde to fulle hus i Oseana fredag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 10. sep. 2016 07:16

Det svært energiske opningsnummeret fekk underteikna til å tenkja: skal dette bli litt heseblesande? Det blei det ikkje.

Bjarte Hjelmeland er tight og presis, og tusenkunstnaren bruker heile sitt vide spekter innan vokal og drama, men alt kom i passelege porsjonar. Balansen mellom song og småprating, parodiar og sketsjar, er perfekt i «Lånte fjær».

Hjelmeland opna med å fleipa med osingane, som kjem 2 x 500 tilskodarar for å sjå showet hans. Etter at det har vore spelt 70 framsyningar i Bergen.

– Kva er det med denne bygden som nektar å forholda seg til at dei ligg plassert tett inntil Noregs nest største by?

Før han slo om til striladialekt:

– «Nei, vil han spela showet for meg så får han koma te Os».

Dette var ikkje siste gong han kommuniserte med publikum. Dei første «fjæra», dei strenge brillene, det allsidige skjerfet og den vesle, men blytunge handveska, lånte han av tilskodarane. Jaggu fekk han mykje morosamt ut av éi veske, eigentleg utan så utspekulert tekst, mest med måten ting blei sagt på. Og mimikken. Eigarane fekk ein varm klem då sakene blei levert tilbake.

Billettsalet er godt på fleire ulike arrangement i Oseana denne hausten, fortel Janne Mari Hjelle, men førebels er Bjarte den einaste i år som sel to fulle hus (i amfiet, Aurora sette publikumsrekord i februar i år).

Dagfinn Lyngbø og Bjørn Eidsvåg er blant dei som har gjort det før han. Dei rundt 1000 som såg Lånte fjær fredag kveld fekk servert ein pakke med humor, song, varme og visdom.

Nokre av mine favorittar var den gamle dama med låg moral og høg interesse for si eiga og venninna si økonomiske framtid. Budeia frå Setesdal, som kunne det meste om folkedrakter og hadde eit spennande ordforråd på ein snasen dialekt, var òg med på å «fylla firelitersbleiene» etter krampelatter.

Ein kort Ivar Medaas er det alltid plass til når du syng så godt som Hjelmeland og har framsyning kor som helst på Vestlandet. Og jada, det blei allsong fleire stadar.

Fin var òg song til Ottoen, den kjente uteliggaren som triller sykkelen sin rundt i bygatene, og helsinga frå Bjarte sin kamerat som sit i rullestol, han som synest synd på dei som synest synd på han.

Bjarte og bandet, Tove Kragset og Bjarte Aasmul, fekk naturlegvis ståande applaus.

Bjarte Hjelmeland - I lånte fjær
Tekstar: Trond Hansen, Bjarte Hjelmeland, Ingrid Bjørnov, Pernille Sørensen, Jon Niklas Rønning, Anne Bjørnstad.
Regi: Hege Schøyen.
Med: Bjarte Hjelmeland. Musikere: Tove Kragset og Bjarte Aasmul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.