Lokal | 24. okt. 2017

– Det beste eg har sett av damelaget

Os slo serieleiaren med fire mål.

– Det beste eg har sett av damelaget
Line Hjelle Berentsen, her i 19-18-siger over Stord tidlegare i haust, skåra 7 mål på serieleiaren. Mia T. Nielsen (t.h.) skåra 4. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. okt. 2017 08:42

Søndag tok Os sitt 2. divisjonslag imot serieleiar Oslo-Studentenes IK i Oshallen.

Etter fem minutt låg Os under 1-4, etter 20 minutt sto det 7-7, til pause var Os i føringa med 11-9.

Heimelaget leia til det var fem minutt igjen av kampen.

– Vår beste kamp

– Frå 23-23 gjekk vi opp til 27-23 og tok ein siger som imponerer meg. Dette er den beste kampen eg har sett av damelaget til Os, seier assistenttrenar Gitte Torp.

– Vi skapte sjansar, men missa litt dei første minutta. Så byrja vi å treffa samtidig som vi sto fantastisk i forsvar. Motstandarlaget hadde ein heilt annan snitthøgde på spelarane, som var både godt trent og fysisk tøffe, men vi spelte på det vi er gode på, og heldt oss til det heile kampen gjennom.

Line og Madde med 7 mål kvar

Os måtte klara seg utan venstreving og kaptein Elise Hjelle, men visekaptein Emilie Halhjem var med på å leia laget stødig mot serieleiaren.

Toppskårarane blei Line Hjelle Berentsen og Madeleine Hjertnes med 7 mål kvar. Hilde Kristine Røttingen og Mia Torp Nielsen skåra 5 og 4.

Tiril Grønvigh sto heile kampen i mål.

Os - Oslo-Studentenes IK 27-23 (11-9)
Os: Tiril Grønvigh, Line Hjelle Berentsen 7, Madeleine Hjertnes 7, Hilde Kristine Røttingen 5, Mia Torp Nielsen 4, Emilie Halhjem 2, Thiet Dang 1, Regine Sten 1, Liv Pauline Lunde, Irmelin C. Munch Lund og Marie H. Håland.

Klubben frå Oslo leiar framleis serien, men har med 9 kampar spelt minst tre kampar meir enn alle andre.

Nit/Hak og Oppsal 2 er einaste som til no står utan tap, og Oppsal 2 er Os sin neste motstandar, også den i Oshallen. Kampen går søndag 5. november (frå kl 14).

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.