Kultur | 19. jan. 2015

– Eg trudde ikkje det spelte noko rolle

... men då dei ropte opp Marius som vinnar av Spellemannprisen blei han veldig glad. I neste veke kjem han med nytt album (sjå video)!

– Eg trudde ikkje det spelte noko rolle
Marius Neset med spellemannprisen. (Foto: Privat/Daniel Herskedal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. jan. 2015 09:31

Laurdag blei Marius Neset (30) og Trondheim JazzOrchestra tildelt Spellemannprisen 2014 i kategori jazz for albumet Lion.

– Eg hadde førebudd nokre ord eg skulle seia, men gløymde nesten alt då eg sto på scenen. Eg hadde ikkje venta å vinna, og tenkte på førehand at det var stas å bli nominert, men at det ikkje spelte noko rolle om eg vann eller ikkje.

– Der tok eg feil. Då dei las opp namnet mitt kjente eg at eg blei utruleg glad! Det var veldig gøy å vinna Spellemannprisen og eg har fått mange hyggelege gratulasjonar og meldingar, fortel Marius til Midtsiden.

Nytt album frå Neset i neste veke: Sjå teaser på Pinball i videoruta over.

Neset har vore nominert til Spellemann éin gong før, for to år sidan, då saman med Daniel Herskedal for Neck og the Woods. Herskedal er også med i Trondheim JazzOrchestra og fekk i helga prisen saman med Neset. Marius var også nominert til den danske versjonen av spellemannprisen, Danish Music Awards, for sitt andre soloalbum, Golden Xplosions.

Løva som tok heilt av

Lion er eit resultat av bestillingsverket frå JazZtipendiatet Marius fekk på Moldejazz i 2011.

– Det tok heilt av etter framføringa av bestillingsverket. Vi hadde ikkje plan om meir enn denne eine konserten, og vi hadde ikkje venta ei så overveldande mottaking, seier Marius til Midtsiden.

Konserten blei kalla eit høgdepunkt i Moldejazz si historie og blei bestilt til fleire store europeiske scenar.

– I fjor var eigentleg første året der eg har spelt meir på store scenar enn på små jazzklubbar. Vi har 8-10 låtar, dei åtte på plata og nokre til, og har framført desse for fleire tusen menneske. Først på turné, så på festivalar rundt om i Europa.

12 indiviualistar

Osingen Marius gjorde god figur på scenen i Stavanger då han tok imot Spellemannprisen. Han hugsa blant anna å takka jazzorkesteret han deler prisen med.

– Dei er ein heilt fantastisk gjeng og eit ganske spesielt orkester, litt ulikt dei fleste andre storband i det at dei har handplukka musikarar til kvart prosjekt. Det blir som om vi er 12 individuelle musikarar, ikkje éin solist og eit band.

På facebook kjem Marius med denne helsinga: Utrolig glad og takknemlig for alle gratulasjonene siste døgnet! Veldig artig å få spellemannspris, som jeg i høyeste grad deler med hver og en av de fantastiske og dedikerte musikerne fra Trondheim Jazzorkester, Hanna Paulsberg, Eirik Hegdal, Peter Fuglsang, Daniel Herskedal, Eivind Nordset Lønning, Erik Johannessen, Gard Nilssen, Frans Petter Eldh, Espen Berg, Petter Eldh, Erik Eilertsen, og alle andre som har bidratt. Og takk til August Wanngren som har sørget for fantastisk lyd! Og tusen takk til Ingrid Søfteland Neset som også spiller på platen, min fantastiske samboer og støtte, Kornelia Rødal Tomren, og til den fantastiske familien min.

Med seg til Stavanger hadde han Daniel Herskedal som representant for Trondheim JazzOrchestra.

– Resten av orkesteret spelte konsert i Bergen i helga, men det var eit prosjekt Daniel ikkje var med på, så då passa det bra at han blei med meg.

Nytt album neste veke

Fredag 30. januar kjem Marius Neset med sitt fjerde soloalbum.

Albumet heiter Pinball og blir følgt opp med ei lanseringsturné i Europa frå februar til april.

– Vi skal spela 20-25 stadar i Europa, mest i England og Tyskland, men også i Sveits, Austerrike og Nederland. Nokre av dei største konsertane i Tyskland er allereie utselt, det er veldig kjekt, seier spellemannen Marius.

– Etter turneen ventar ein del festivaljobbar. Eg håper vi får til nokre konsertar i Noreg til hausten, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.