Festivalar | 24. juni 2023

Ein bilfri - men tettpakka dag i sentrum

Ventar storinnrykk til Bjørnis, Pride og Bigbang. – Dei som kjem med bil bør vera tidleg ute.

Ein bilfri - men tettpakka dag i sentrum
Ein av dei siste som rigga ned fredag. I dag er det full marknad igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. juni 2023 06:35

På siste dag av Marknadsdagane i Os er det Gatefest med besøk av Bjørnis klokka 10 og konsert med Bigbang klokka 15.

Innimellom er det arrangement av Bjørnafjorden Pride, som frå 12 til 13 har flaggheising og parade.

– Vi ventar mykje folk til Os i finvêret, og håper dei som kjem med bil kjem tidleg, viser tolmod og finn seg ein plass i utkanten av Os sentrum, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

Øyro er gågate i dag, det same er Brugata, Torggata og delar av Landboden.

Også parkeringsplassen framfor rådhuset er stengt.

– Vi håper det kjem mykje folk, og vi håper det blir ei god oppleving for alle, legg Kobbeltvedt til.

Fana Sparebank, som sponsar Gatefest, skal også by på ein del overraskingar frå stand ved sidan av scenen.

Dei set også opp bærekraftløypa TIDI.

Bigbang går på scenen klokka 15 og skal spela eit fullt festivalsett på 75 minutter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.