Kultur | 21. nov. 2023

Ein stasdag for folkemusikken i Bjørnafjorden!

Hatten av for dei som tar vare på den lokale kulturen!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. nov. 2023 10:21

Av Bente Borghild Hauge. Foto: Gabriela Steola

Laurdag 4. november blei en Stasdag for Folkemusikk-miljøet i Bjørnafjorden. Då vart det arrangert konsert og dans i storstova vår; i Oseana.

FolkOrg (Organisasjon for folkemusikk og folkedans) fylte 100 år i år, og dette var ein del av feiringa.

Vi har alltid visst at musikk er ein særs viktig del av livet til folk. Den kan brukast i glede og sorg, som medisin og terapi.

Der ord ikkje når fram, kan musikken hjelpa. Musikk finst over heile jordkloden i forskjellige former. 

Vi nordmenn bør verta flinkare til å hegna om vår eigen fine, opprinnelige musikk-kultur.

Både i form av sjølve musikken som våre forfedre har laga, og at vi tar var på dei gode, gamle dansane våre. Eit lite, men solid miljø i Bjørnafjorden kommune gjer nettopp det.

I bygda vår har vi nokre flotte kulturpersonligheter som fekk skine på scenen denne laurdagen.

Terje Raunsgard batt heile programmet nydeleg saman, med glimt i auget og mykje interessant informasjon.

Dette programmet, som eit hundretals vaksne publikummarar fekk sjå og høyra, fortener å bli vist fram for eit større - og gjerne yngre - publikum. Her har skulane -og den neste generasjonen, mykje å vinna!

Det vart spela flott musikk av dei lokale komponistane, blant anna Norvald Kobbeltvedt, Are Fløysand, Jimmy Øvredal, Henrik Lyssand, Gunvald Kolle, Lars og Andreas Sævild, Alfred Leirvåg og Hans Bjørndal. Alle frå vårt distrikt.

Dei som deltok og videreførte lokale tradisjoner, var:

Bjørnafjorden Spelemannslag. Dei stilte med eit dusin hardingfeler, fleire gitarer, trekkspill, slåttetromme og kontrabass.

På åtte av låtene blei dei supplert av 8 fiolin-elevar frå Bjørnafjorden kulturskule. Dette hadde dei gledd seg til i heile haust. Ungdomane er frå 10 til 16 år gamle. Dei har vore med på fleire øvingar i Lyngheimtunet med Spelemannslaget. Doble kulturopplevingar!

Eirin Røykenes, bygdas store kvedar, song lokale små stubber, og batt det i hop med morosame, korte historier.

For eit par veker sidan, stilte Eirin i «open klasse» i Vestlandskappleiken.

Ho vann like godt heile klassen sin, med god margin, framfor blant anna fleire spelemannslag på Vestlandet.

Gratulerer, Eirin! Bygda er stolt av deg!

Rolf Seldal imponerte med nydeleg slåttetromme-spel. Hadde unggutane i bygda fått høyra den suggererande rytmen, hadde det vorte ein kø av mogelege aspiranter her!

Frå Hardanger tok storspelemannen Knut Hamre turen til Bjørnafjorden. Han trollbatt publikum med sitt eminente felespel!

Fusa-jenta Magny Rosvold tok opp sin hardingfele etterpå, og viste at spinnesiden kan kunsten, dei og. Mjukt og fint spelt!

Durspelsamskipnaden var òg hjarteleg til stades under dansespelinga. Dei imponerer med solid takt og tone.

Dei formidler musikk til å bli glad av (og namnet deira i seg sjølv er ein liten tungebrekkar på linje med «Ibsens ripsbusker ...»).

Dansegruppa frå Os Ungdomslag svinga seg i fin utfalding, heilt til siste låt. Dei har visst ei ekstra springfjør innsett i skoa sine.

Det er så flott at nokon tek vare på våre lokale musikk- og dansetradisjonar!
Uten forståing og kjennskap til vår eigen kultur, vil kulturen ròtna på rot og forsvinna.

Hatten av for dei som tar vare på den lokale kulturen!

Bente Borghild Hauge

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.