Elev smitta - 16 i karantene
Ein VG2-elev ved Fusa vgs har fått påvist covid-19.
Fredag formiddag er det sendt ut melding frå Fusa vidaregåande skule om smitte og karantene for elevar og lærarar.
Den smitta er elev i ein VG2-klasse.
13 elevar og 3 tilsette må i karantene.
– Alle nærkontaktar er varsla og får gjennomført hurtigtesting i dag, opplyser skulen.
Det er ikkje mistanke om smitte til andre klassar ved ved skulen, så dei vil ha vanleg skuledag i dag.
Det er tre veker sidan sist elevar var smitta. Frå 9. til 14.november var elevar ved både Os vgs, Nore Neset ungdomsskule, Os ungdomsskule og Ung Arena nærkontaktar av ulike smitta ungdomar. I same periode var ein tilsett ved Luranetunet smitta.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.