Kultur | 14. juli 2023

Enkefruens røde i hyllene i Hamnevegen

To anbefalingar frå lokal kjennar.

Enkefruens røde i hyllene i Hamnevegen
– Endeleg har vinen «min» kome i hyllene i hamnevegen. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juli 2023 13:49

I fleire år har vinklubben «Enkefruens Lystige Selskap» kome med anbefalingar til Vinmonopolet.

Medlem Per Eide-Olsen frå Os gler seg over at polutsalet i Hamnevegen har lytta.

Per Eide-Olsen bur ein spasertur frå Hamnevegen, og set pris på at lokale smaksløkar blir lytta til. (Foto: ØH)
Les ògVinklubb påverkar utvalet: Takkar det lokale vinmonopolet

Denne veka gler Eide-Olsen seg over både raud og kvit vin.

– «Min» nye Enkefruens Røde Bordeaux er endeleg på plass i hyllene på Vinmonopolet Os! fortel han.

– Bak ein lekker etikett med motiv frå Bergen hamn i gamle dagar finn du ein rimeleg (169,90 kroner) og god raudvin med duft av solbær og kirsebær.

Blandinga er 40 prosent Cabernet Sauvignon og 60 prosent Merlot.

– Om du føretrekk kvitvin i sommarvarmen, så er favoritten min å finna ikkje langt unna.

– La Belle Veuve (den vakre enka) Sauvignon blanc er saftig og frisk med lang ettersmak.

Prisen på denne er 165 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.