Kultur | 24. mars 2022

Enslaved med video frå Ådnadalen

Sett 1.000 gongar i timen det første døgnet.

Enslaved med video frå Ådnadalen
I oktober var det øving til turné. Men så kom Enslaved tilbake månaden etter. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mars 2022 14:35

I oktober blei NHP-lgeret i Ådnadalen fylt med hard rockemusikk.

Velkjente Enslaved øvde saman med bergensbandet Shaman Elephant i eit slagkraftig nimannsorkester.

Dei to skulle på turné saman - men rigginga til øving blei også brukt til noko meir.

Etter fem dagar med øving bar det ut på turné.

Men i november var Enslaved tilbake og spelte inn både konsertopptak og materiale til musikkvideo.

Konserten blei strøymd 21. desember. 1.100 fans kjøpte billett.

Enslaved takkar blant anna osingar for hjelpa, som Bjørnafjorden brann og redning, som kom opp for å spyla betongen - og Kjetil Osablod Grønvigh, som blir titulert som «backline technican & shadow prime minister of Os».

Då Enslaved trengte vatn stilte brannvesenet opp. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Då Enslaved trengte vatn stilte brannvesenet opp. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Musikkvideoen til éi av låtane, Bounded By Allegiance, blei publisert i går.

Videoen er laga av Kolibri Media, og har hausta god resons. Etter ni timar var den sett 10.400 gongar, i dag har den passert 21.000.

Enslaved er ikkje dei einaste som har brukt det store lagerbygget til å spela inn musikkvideo.

I 2013, mens Eirik Strønen Søfteland var på veg til finale i Idol, spelte rockaren frå Os inn video med bandet sitt, KingCalling.

Til sommaren skal store delar av lageret byggast om til Noregs største anlegg for padeltennis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.