Lokal | 18. mars 2021

Er småbarnsforeldre verre enn ungdomar?

– Grensa vår er nådd no, seier pensjonistane som bygde brua og gapahukane.

Er småbarnsforeldre verre enn ungdomar?
Øydelagte bålpanner og hogst rundt gapahuken er blant syna som møter Brukameratane for tida. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. mars 2021 20:35

Dei reknar ikkje med at alt skal få stå i fred, alltid, men mengda med tilgrising, demontering, skadeverk på natur og bålpanner har fått det til å koka litt over for «Brukameratane».

Pensjonistane har både realisert Knutabruo og to gapahukar ved Oselvo, gitt den i gåve til kommunen og tatt på seg eit visst ansvar for tilsyn og lett vedlikehald.

– Eg tar alltid med meg ein plaspose for å plukka med meg boss som folk eventuelt har gløymt, men den siste tida har mengda boss og skadeverk nådd nye høgder. Eg er skuffa og forbanna, seier Peder Fløysand, og ramsar opp nokre av dei uønskte syna som har møtt han og kameratane den siste tida.

– Kjettingar som skulle halda bålpannene er vekke, bålpanner er flytta inn i gapahuken så det har blitt sotmerke i taket og det flyter av og til med boss.

– I tillegg blir pukk og pyntesteinar kasta på elva og fleire tre nær gapahukan hogge ned med kniv eller øks. Det er greit at folk treng kvistar til å fyra opp med, eller vil læra ungane sine å bruka øks, men dei får gjera dette andre stadar, ikkje rundt områda der folk skal kosa seg.

– Enkelte har rydda saman bosset, men sett det frå seg, som om dei trur at det er ei ordning med bosshenting her inne. Andre flyttar tunge benkar inn i gapahuken, truleg på ein regntung dag, men desse er ikkje enkle for oss gamlingar å bera ut igjen.

Nei, det er ikkje fast bosstømming ved Knutabruo.
Nei, det er ikkje fast bosstømming ved Knutabruo.

Vil ikkje skulda på verken ungdom eller rus

Fløysand har ikkje observert kven det er som romsterer eller gløymer å rydda, og vil heller ikkje retta peikefingeren mot ei spesiell aldersgruppe.

– Men eg har høyrd frå nokre eldre turgåarar som observerte, og påpeikte, nokre småungar som griste noko voldsomt med sot frå bålpanna inne i gapahuken. Då dei ba foreldra passa på kva ungane heldt på med, fekk dei kjeft tilbake.

– Uavhengig av kven det er, så er grensa vår nådd. Om ikkje brukarane av området er med og tar ansvar, så gir vi oss med smårydding og reparasjonar.

– Det kjem ikkje nye bålpanner i vår regi, det blir heller ikkje meir rydding viss ikkje vi ser at også andre tar eit lite tak.

Lange stubbar står igjen etter hogst rundt gapahukane. Knutabruo i bakgrunnen.
Lange stubbar står igjen etter hogst rundt gapahukane. Knutabruo i bakgrunnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.