Får halda konsert i fjellhallen til Solstrand
– Vi er takksame, seier arrangøren.
Stiftinga Lyngheim byr på ny konsert, denne gong verken på Lyngheim eller i Vognhallen, som dei også har brukt som mellombels scene under pandemien.
– Vi føler oss heldige som har fått lov å bruka fjellhallen til Solstrand Hotel & Bad, seier Magne Brekke.
Dette blei ein arena etter at Solstrand kjøpte eigedomen tilbake. Den blei nemleg ekpropriert etter krigen så Televerket kunne bygga ein stasjon i fjellet.
I 2018 fortalte Børrea Schau Larsen om prosessen og tok Midtsiden med på omvising.
Tysdag 7. september er det konsert i hallen, som har benkeplass til 100, men berre tar imot 50 publikummarar denne omgang.
– Haustens første ikkje-fullt-så-intimt-som-vanleg intimkonsert handlar om Robert Burns på norsk, fortel Brekke.
På scenen står Åsmund Nordstoga (bror til Odd), Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt for å presentera dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar, på originalmelodiane frå den skotske songtradisjonen.
Med seg har dei Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass.
Bandet og fjellhallen gav god respons, søndag var allereie 37 av 50 billettar selte.
Konserten er støtta av Kulturrådet, Fond for utøvende kunstnere og Folkeakademiet Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.