Lokal | 17. aug. 2015

Fargerik førstedag på ny skule

Neste år startar det dobbelt så mange førsteklassingar på Lysekloster barneskule, som i dag opna i heilt nytt skulebygg.

Fargerik førstedag på ny skule
17 elevar starta i førsteklasse ved nye Lysekloster barneskule i dag. Neste år ligg det an til å bli 34 i første trinn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. aug. 2015 08:59

Bildeserie:

Rektor tok imot elevar og foreldre utanfor garderoben til 1. klasse. (Foto: KVB)
Rektor tok imot elevar og foreldre utanfor garderoben til 1. klasse. (Foto: KVB)
F.v.: Ole Lars Strønen, Monica Søfteland og Oddrun Midtsæter.  (Foto: KVB)
F.v.: Ole Lars Strønen, Monica Søfteland og Oddrun Midtsæter. (Foto: KVB)
Spente ungar klar for første skuledag.  (Foto: KVB)
Spente ungar klar for første skuledag. (Foto: KVB)
Garderoben sto klar med namnelapp til alle.  (Foto: KVB)
Garderoben sto klar med namnelapp til alle. (Foto: KVB)
Det gjekk ikkje lang tid før dei første hendene var i vêret.  (Foto: KVB)
Det gjekk ikkje lang tid før dei første hendene var i vêret. (Foto: KVB)
Monica viste klassebamsen, som denne veka skal få namn.  (Foto: KVB)
Monica viste klassebamsen, som denne veka skal få namn. (Foto: KVB)
1 av 6

– Vi hadde den minste klassen på skulen då vi i juni tok sommarferie med dei 16 elevane i 3. klasse, og får no den minste klassen på skulen når vi startar med 17 førsteklassingar, seier Monica Søfteland og Oddrun Midtsæter.

Dei to blir lærar og assistent for årets nye kull på skulen.

Folketalet i krinsen Lysekloster veks, det gjer også fleire av klassetrinna. Dei som gjekk i førsteklasse i vår har blitt fem fleire berre i sommar.

– Det er bra at skulen er bygd for framtida, med nesten ein heil etasje ledig. Neste år ligg vi an til å få 34 førsteklassingar, men det kan fort bli fleire, seier rektor Ole Lars Strønen.

Fargerik felleskap

Rektor tok saman med Søfteland og Midtsæter i dag imot elevane og foreldra utanfor det nye klasserommet. To og to klasserom har felles garderobe og eigen inngang, gangen mellom klasseromma skal berre brukast når du har ærend innomhus.

– Har alle hugsa niste? lurte Strønen på. Niste og godt humør er det viktigaste, meinte rektor, som også snakka varmt om den fargerike designen på den nye skulen, om samanhengen mellom ulike fargar og ulike elevar.

– Månings, rektor!

Éin og éin blei elevane lest opp på utsida før innmarsj. Dei fleste var litt sjenerte og tok med mor eller far for å handhelsa på rektor, mens enkelte kom rakrygga fram og sa «månings!».

– Dei har vore nokre dagar på innkjøring før ferien, der dei også møtte fadrane sine. Dei første dagane kjem vi både til å vera mykje med fadrane og bruka tid til å gjera oss kjent med skulen, skuleplassen, kvarandre og rutinane, fortel Søfteland.

– Men først skal vi på tur. Det er fast kvar haust at heile skulen har turdag andre skuledag, så i morgon skal vi i marsj til Svartavatnet.

I dag er første skuledag for elevane i nye Lysekloster barneskule, onsdag er det offisiell opning og omvising.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.