Handball | 28. okt. 2021

Fekk 80 påmeldte til forseinka kick-off

– Det var kjekt å sjå så mange nye, seier Christian Bugge.

Fekk 80 påmeldte til forseinka kick-off
Fleire hadde si første handballtrening fredag ettermiddag. Alle fekk ball med seg heim.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. okt. 2021 11:10

Os Handball skulle ta imot nye spelarar med ein kick-off i september, men valte på tampen av pandemien å utsetja.

– Sjølv om arrangementet kom seinare, fekk vi veldig god påmelding.

– 80 ungar frå 1. til 4. trinn sto på lista, fortel dagleg leiar Christian Bugge.

Grunna nokre smitta elevar og karantene blant klassekamaretar, var det ikkje alle som kunne stilla.

– Vi blei litt over 50 deltakarar fordelt på 16 instruktørar i 3 hallar.

Ettermiddagen blei avslutta med at deltakarane fekk sjå oppvisingskamp mellom Os G14 og eit lag trenarane sette saman.

Bildeserie:

1 av 6

Fleire av deltakarane hadde nyleg vore med på handballskulen i haustferien, andre var heilt nye.

– Alle fekk med seg kvar sin handball heim, og allereie i helga var det fleire av dei som meldte seg inn. Dette blei eit fint rekrutteringstiltak, seier formann Ingerid Verpe Jacobsen.

Neste aktivitet for yngre spelarar er gutehandballdagen, eit gratis introduksjonstilbod for alle gutar frå 1. til 7. klasse.

– Dette blir i skuletida fredag 5. november, når skulen har utviklingsdag, fortel Bugge.

Søndag var det allereie over 35 påmeldte til gutehandballdagen.

Christian Bugge og styreleiar Ingerid Verpe Jacobsen gler seg over god oppslutnad om fleire arrangement. (Foto: KVB)
Christian Bugge og styreleiar Ingerid Verpe Jacobsen gler seg over god oppslutnad om fleire arrangement. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.