Fotball | 11. juni 2023

Fire heimekampar på 1,5 døgn

Alle dei fire seniorlaga til Os har heimekamp i løpet av 30 timar.

Fire heimekampar på 1,5 døgn
Det blir innmarsj i sol i dag òg, til årets varmaste kamp til no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. juni 2023 08:26

Skygge eller sol, setene under det nye tribunetaket på Kuventræ rekk ikkje å bli kalde det neste halvanna døgnet.

Ikkje berre fordi temperaturen er 23 gradar i Os i dag, men fordi alle dei fire seniorlaga har heimekampar søndag og måndag.

Trippel søndag

3. div herrar kl 14: Mens serieleiar Lysekloster har bortekamp mot Ullern 2 i ettermiddag, startar tabelltoar Os litt tidlegare på dagen, på heimebane mot Skedsmo på 9. plass.

Får vi sjå nok eit hattrick av Kvalvågnes? Har Fosen stilt inn siktet etter skadeopphaldet? Skal Sperrevik, som skåra 12 mål i fjor, endeleg opna kontoen?

3. div kvinner kl 18: Os på 9. plass tar imot Sotra på 5. plass.

7. div herrar kl 20: Serieleiar Os 3 tar imot tabelljumbo Stemmemyren.

Derby måndag

5. div herrar kl 18: Os 2 på 8. plass (12 poeng på 7 kampar) tar imot Nore Neset på 3. plass (16 poeng på 8 kampar).

Nore Neset vann også fredag kveld og er ubesigra med 4 sigrar og 4 uavgjorte.

Verken Nore Neset eller Os 2 har hatt ein god 2022-sesong, men litt jubel har det likevel blitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Les òg«Gamle Os 2» møter nye Os 2 i serien neste år

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.