Politi | 30. jan. 2024

Førarkortbeslag etter kollisjon på Byvegen

Førar innrømmer ikkje straffeskyld.

Førarkortbeslag etter kollisjon på Byvegen
To bilar front mot front ved Lundehjørnet laurdag. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. jan. 2024 10:47

Laurdag var to bilar involvert i ein frontkollisjon på Byvegen ved Lundehjørnet.

Det blei oppretta sak, og politiet kjem i dag med yttarlegare informasjon.

Foto: Susann Haukeland Børnes
Les ògFront mot front på Øyro

– Det er tatt beslag i førarkortet til éin av bilførarane, ein mann i 80-åra, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande svingte for å køyra inn på Øyro.

– Han samtykka i beslag, men erkjente ikkje straffeskyld for hendinga.

Det vartil saman tre personar i dei to bilane.

Førar var uskadd etter kollisjonen, passasjeren var lettare skadd. Også førar av den andre bilen blei lettare skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.