Næringsliv | 29. nov. 2023

Frå leige til eige: Ny båt i Samba-flåten

Overtar eigarskapen fredag. – Vi vil sikra arbeidsplassane om bord.

Frå leige til eige: Ny båt i Samba-flåten
Aqua Master skal no skifta namn til Fox Aqua. (Foto: Samba Marin)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. nov. 2023 14:15

Samba Marin, som i år har bestilt hybridbåt nummer to og tre, har no òg kjøpt seg ein båt som ikkje er eit nybygg.

– «Aqua Master» er ein båt vi har leigd ein periode, og som omtrent ikkje har vore til kai grunna store oppdragsmengder, seier sals- og marknadssjef Erik Vågen.

– Vi har tilsett fleire og båten har ein veldig god mannskap. Vi vel no å kjøpa denne for å sikra oss dette «verktøyet» til desse gode arbeidsplassane.

Samba overtar eigarskapen fredag 1. desember. Då skal båten døypast om til «Fox Aqua».

– Då vi selte Molly var det ein del av modernisering av flåten. Planen var fleire nybygg, noko som òg er på veg, men så kom vi over Aqua Master, som vi fekk leiga, og som viste seg å vera ein båt for veldig allsidig båt.

Også denne er teikna av Progreen, men altså utan elektrisk motor. Båten blei bygd i 2013, er 12 meter brei og 14 meter lang.

Samba Marin er blant dei 20 selskapa i Bjørnafjorden kommune som vaks mest i 2022, med ein auke på over 50 millionar kroner frå året før.

– Vi har vakse vidare med rundt 7-8 tilsette i år, og skal gjennom 2024 og starten på 2025 truleg auka med yttarlegare rundt ti tilsette. Det gjeld å auka staben fram til ankomst av nybygga òg, seier Vågen.

Samba Marin har i dag rundt 65 tilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.