Kultur | 17. aug. 2014

Frå Osfest til canadiske Folkfest

ORBO reiste rett frå Osfest til storfestival og TV-intervju i Canada. Så ventar bryllaup og plateslepp.

Frå Osfest til canadiske Folkfest
ORBO er booka inn på den norske delen av den store messa Folkfest i Saskatoon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. aug. 2014 08:31

– Eg kjøpte ny båt i år, ein Askeladden, men eg har knapt hatt tid til å bruka den, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Han fekk knapt vera med på å rydda etter Osfest før turen gjekk til New York, med nokre dagar ferie, og vidare til den canadiske byen Saskatoon.

Byen, som er på storleik med Bergen, har ein stor festival kalla Folkfest, der ulike nasjonar har sine messeområde med mat og musikk. Her er ORBO booka inn som einaste artist i det norske teltet.

– Festivalen er ganske stor. Den er synleg i heile byen og har 25.000 besøkande. Det er mange med norsk, skotsk eller ukrainsk bakgrunn her, så den norske avdelinga er stor og god.

Hamna på TV

I løpet av veka har ORBO også hamna i canadisk TV-studio for intervju på eit talkshow.

– Ein av initiaivtakarane for den norske messa, Mark Friesen, som er gift med ei frå Noreg, sørgja for at TV-kanalen huka tak i meg.

– Det var hyggeleg å vera med på og det førte til at veldig mange har kjent meg igjen når dei har møtt meg på messa seinare i veka.

ORBO si side på facebook kan du sjå intervjuet.

Sjarmerande og vittig

Ole Reinert fortel om stor interesse for Noreg i Canada.

– Alle eg har møtt som har norske forfedre er dødeleg nysgjerrig på Noreg. Fleire har også kledd opp og innreia husa sine i alt dei kan finna som er norsk, frå troll og fjordbilder til vaffeljern.

– Dei lager også bunadar, gjerne med feilplasserte søljer og fit flops til, og kjøttkaker, men med cranberry sauce i staden for tyttebærsyltetøy.

Osfest i USA?

Sør for Saskatoon, over grensa til USA, finn vi staten North Dakota. Der er det ein tilsvarande festival, der blant andre Odd Nordstoga og Bjøro Håland har stått for musikken.

– Den heiter Høstfest, men det høyres ut som om dei seier Osfest, når dei skal uttala det, seier ORBO og ler.

Neste Høstfest (sjekk Hostfest.com) er i slutten av september.

Plateslepp for Safe & Sound i september

ORBO har tidlegare jobba ein del i USA, både med innspeling og med litt turnering. Han har også vore på hitliste på amerikansk radio over fleire veker.

No kan oppdraget i Canada, og TV-intervjuet, gje ORBO nye fans vest for Atlanterhavet.

– Eg har vore i dialog med nokon om å gje ut ein singel for å sjå korleis det slår an. Du veit aldri.

Men det ORBO veit er at det, med det første, blir lite tid til å ta fri og kosa seg i den nye båten.

30. august skal han gifta seg (med sambuar Kari Kvæven), 19. september slepp han albumet Safe & Sound.

– Plata blei gjort ferdig på nettene før Osfest. Det har ikkje blitt tid til å planlegga så mange konsertar, det einaste som førebels er bestemt er intervju på God Morgen Norge og konsert på Svalbard.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.