Jakt, fiske og natur | 06. juni 2022

Har du fått for liten fisk?

Det er ikkje berre hummaren som har minstemål.

Har du fått for liten fisk?
Liv-Randi Lind med ein fin torsk. Men kor liten torsk har du lov å ta med heim? (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. juni 2022 17:12

Tekst og foto: Oddmund Lunde

Minstemål for fisk
Sommaren står for døra. For mange ivrige fritidsfiskare er det starten på årets fiskesesong. Det er alltid stas med sjølvfiska mat på middagsbordet.

Den som kjenner til nokre av dei mange gode fiskeplassane i Bjørnafjorden, kan lett hala seg ein fiskemiddag eller to.

Det mange ikkje kjenner til, er at det er eit minstemål på enkelte fiskar.

Dersom du får fisk som ikkje held målet, skal den straks sleppast ut igjen. Fukt hendene i sjøen før du hekter fisken av kroken.

Viss fisken er skadd eller daud er det lov og ta den med heim for koking.

Målet med å spara småfisk er at dei skal kunna veksa seg store nok til dei kan formera seg.

For fritidsfiskarar er lyr, makrell og sei (pale) unnateken frå denne regelen. Det er det same for brosme og steinbit.

Bildeserie:

Det er fritt fram for lyr og makrell. (Foto: Oddmund Lunde)
Det er fritt fram for lyr og makrell. (Foto: Oddmund Lunde)
Men lysing har minstemål. (Foto: Oddmund Lunde)
Men lysing har minstemål. (Foto: Oddmund Lunde)
Skrytebilde av ein fin lyr på veg på steikepanna. (Foto: Oddmund Lunde)
Skrytebilde av ein fin lyr på veg på steikepanna. (Foto: Oddmund Lunde)
1 av 3
Det er fritt fram for lyr og makrell. (Foto: Oddmund Lunde)
Men lysing har minstemål. (Foto: Oddmund Lunde)
Skrytebilde av ein fin lyr på veg på steikepanna. (Foto: Oddmund Lunde)

Her er minstemål på våre kantar, det vil seia sør for den 62. breddegrad (rundt Stadt), for nokre av dei vanlege og ettertrakta artane:

Torsk 40 cm
Hyse 31 cm
Kviting 32 cm
Lysing 30 cm
Sjøaure 35 cm

Uer 32 cm
Breiflabb (i garnfiske) 60 cm
Kveite 80 cm

Krabbe 13 cm
Sjøkreps 13 cm
Hummar 25 cm
Stort kamskjell 10 cm

Skitt fiske!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.