Lokal | 04. nov. 2020

Har fått svar på smitteprøvar ved Luranetunet

Den tilsette hadde 15 nærkontaktar.

Har fått svar på smitteprøvar ved Luranetunet
Ingen av dei 15 er smitta, men dei blir likevel verande i karantene nokre dagar til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. nov. 2020 08:57

Laurdag 31. oktober blei det for første gong konstatert koronasmitte på Luranetunet. Ein tilsett fekk påvist covid-19. Vedkomande bur i Bergen og blei smitta der.

Alle nærkontaktane, blant anna 5 kollegaer og 10 bebuarar, blei plasserte i karantene.

– Vi har no fått svar på prøvane. Ingen av nærkontaktane på Luranetunet er smitta, opplyser Bjørnafjorden kommune i dag.

I samsvar med FHI sin rettleiar for sjukeheimar blir dei 15 likevel verande i karantene til 8. november. Ny smitteprøve skal òg gjennomførast, dette blir utført seinare i veka.

– Eg vil gi ros til bebuarane, pårørande og dei tilsette på Luranetunet for korleis dei har handtert denne spesielle situasjonen, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Besøksrutinane ved Luranetunet er ikkje endra etter smittetilfellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.