MidtsidenCup | 09. okt. 2023

Har funne dato til årets gatecup

Same klassar, lett justerte reglar.

Har funne dato til årets gatecup
Duell i finvêret i november fjor. Klyngespel er lov i år òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. okt. 2023 20:35

ANNONSØRINNHALD:

I fjor var det 23 lag, jamt fordelt på fire klassar, i gatecupen for vaksne.

I år håper arrangørane på endå fleire.

– Med 5 til 7 lag per klasse blei det ein livleg dag, men det ideelle hadde vore 8 eller fleire per klasse, seier Torkel Hjertnes.

Årets MidtsidenCup går av stabelen laurdag 18. november.

Os Fotball held på dei fire klassane, damer, bedrift (mix), herrar amatør og herrar elite.

Tar nokre regeljusteringar

Tradisjon tru blir reglane noko justerte.

– Å prøva å laga jamne lag samtidig som du opnar for at flest mogleg kan vera med, er ikkje enkelt, seier Hjertnes.

Nytt i er er at to bedrifter kan slå seg saman til eitt lag i bedriftsklassen, damene kan ha maks fem aktive (ubegrensa i fjor), men slepp å passa på kor mange som er på banen samtidig.

– I staden blir det mål imot frå aktiv nummer 3.

I herrar amatør tel ikkje lenger oldboys eller gutar 16 som aktiv, mens herrar elite har same reglar som i fjor. Sjå alle nedst i artikkelen.

Tittelforsvararane

Dame: Godt & Blandet
Bedrift: Elements Production
Herrar amatør: Tatt av Vinden
Herrar elite: Make Peter Great Again

BLEI STOR IGJEN: Peter Myksvoll (med pokalen) og Make Peter Great Again var dei einaste som var suverene i finalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògMidtsidenCup: Jamne finalar i strålande sol

Praktisk informasjon

Tidspunkt og pris
Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 18. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.

Aldersgrense: 16 år for gutar, 15 år for jenter (fødd i 2007/2008)
Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Påmeldingsfrist: Tysdag 14. november kl 12
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men seinast innan 14/11.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Det er ikkje fotballgalla i år, men det blir jobba med ein festmiddag eller eit fellesvorspiel etter cupen.

Klassar og reglar

DAMER
• Ta med inntil 5 aktive. Frå aktiv nummer 3 får du mål imot (har du 5 aktive og speler mot eit lag utan aktive startar kampen 0-3).
• Dei som har vore på banen i éin seniorkamp tel som aktiv, aldersbestemt tel ikkje som aktiv
• Aldersgrense i dameklassen er 15 år (16 år for herrar/gutar)

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, men ikkje gute-/juniorspelarar eller veteran/oldboys.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2023, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande. (Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
• Ta med så mange aktive du vil, MEN: Har du fleire enn to aktive, får du mål imot per aktive utover to. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-2.
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive.

GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.